Hopp til hovudinnhald

Dette er Digdir

Digdir skal vere regjeringa sitt fremste verktøy for effektiv og samordna digitalisering av offentleg sektor, og av samfunnet for øvrig, irekna å bidra til digitalisering i næringslivet.

Dette er Digitaliseringsdirektoratet

Regjeringa har ein ambisjon om at offentleg sektor i Noreg skal vere verdsleiande på digitalisering. Det skal mellom anna skje gjennom fellessatsingar og tenester for å skape éin felles digital offentleg sektor. Det inneber at staten, kommunane og heile forvaltningsapparatet skal samarbeide med næringslivet og frivillige organisasjonar, slik at vi – saman – kan utnytte dei moglegheitene digitalisering gir oss og kan skape. Digdir si rolle er å trekke utviklinga i den retninga som tener fellesskapet best. Digdir skal også sørge for at Noreg handterer utfordringane digitaliseringa kan medføre, til dømes på informasjonssikkerheit og personvern.

Og ikkje minst: Digitalisering handlar ikkje berre om teknologi, men minst like mykje om menneska teknologien skal fungere for. Innbakt i regjeringa og KS sin ambisjon ligg det difor ein klar marsjordre til Digdir om å legge til rette for og skape gode møte mellom teknologien og menneska, anten dei er innbyggarar, frå næringslivet eller representerer ein frivillig organisasjon.

Alt dette ligg i Digdir sin visjon: Saman for ein enklare digital kvardag.

Våre verdiar

Påliteleg

Verdien påliteleg handlar mellom anna om at du kan stole på at vi leverer som forventa, følger opp beslutningar og tek ansvar for heilskapen

Inkluderande

Verdien inkluderande handlar til dømes om at vi er ein arbeidsplass med plass for alle, jobbar prestisjelaust saman med kvarandre og andre, set pris på andre sin kompetanse – og at vi feirar kvarandre.

Uredd

Verdien uredd handlar til dømes om at vi tør å utforske ukjent terreng, at vi tør å utfordre – og å bli utfordra, og at vi er ambisiøse på eigne og kvarandre sine vegner.

Les vidare