Hopp til hovudinnhald

Fellesløysingar: moderne digitale byggeklossar for alle

Dei nasjonale fellesløysingane er sentrale «byggeklossar» i Noregs felles digitale infrastruktur og økosystem. Løysingar som ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret, Altinn og eInnsyn er utvikla for å løyse felles behov ein gong – og blir forvalta sentralt. Det er god samfunnsøkonomi og berekraft i praksis.

30 år med Digitalt innsyn

Det offentlege skal stadig levere fleire, betre og samanhengande tenester som gir auka verdi for brukarane og større gevinstar for forvaltninga. Samstundes skal det skje raskare og innanfor stadig strammare budsjett, og vi må ivareta sikkerheit og stabilitet i løysingane.

Ved å ta i bruk og gjenbruke fellesløysingar, sparar forvaltninga tid og pengar fordi ein slepp å utvikle all funksjonalitet frå starten. Fellesløysingane sikrar også standardiserte grensesnitt mot fagsystem levert av markedsaktørar. Samla nettogevinst berre for 2023 for fellesløysingane utanom Altinn er berekna til nærmare éin milliard kroner. Frå tidlegare undersøkingar er det kjent at næringslivet gjennom bruken av Altinn blir spart for ein tidsbruk tilsvarande 15 milliardar kroner årleg.

Potensialet er framleis stort. Riksrevisoren har slått fast at Noreg i mindre grad enn andre land klarer å ta ut dei økonomiske gevinstane frå digitalisering.

Vi har eit utal ulike IT-løysingar i staten, eigne løysingar for kvar fylkeskommune og 356 ulike løysingar for kommunane. Kvifor skjærast det ikkje igjennom slik at vi får meir samanhengande løysingar?

Smart for alle

Det er smart å satse på fellesløysingar. Verksemdene kan prioritere eigen kompetanse og ressursar på å bygge gode, innovative, trygge og brukarretta tenester som innbyggarar og samfunn treng.

Basert på felles behov i forvaltninga blir ei fellesløysing utvikla éin gong og kan deretter brukast av mange. Løysingane kan t.d. sørge for sikker digital identifikasjon av innbyggarar og verksemder, styre tilgangar, hente data frå register, sende post og meldingar, gi innsyn i offentleg informasjon, tilby digital signering og la offentlege etatar utvikle tenester på ei felles plattform.

Betre digitalisering – betre brukskvalitet

For å styrke den digitale deltakinga i samfunnet må vi digitalisere betre. Når offentlege verksemder tek i bruk fellesløysingar, bidrar det til at brukarane opplever tenestene som gjenkjennelege og brukarvennlege, samanhengande og sikre. Auka brukskvalitet er bra for alle.

Omfattande moderniseringsløp

Bruken av fellesløysingane aukar. Med auka bruk følger høgare krav til fleksibilitet, skalerbarheit og sikkerheit. I 2023 fortsette Digdir moderniseringa gjennom å flytte tenestene over på ny teknisk plattform for ID-porten, samstundes som vi arbeidde med å bygge ny Altinn-plattform. Forvaltning og utvikling skjer i tråd med god praksis og etablerte standardar.

Ved utgangen av året var mykje av jobben gjort for ID-porten, der dei fleste offentlege tenester som brukar løysinga har flytta over til ny plattform. Prosjektet blir avslutta i 2024 og den gamle ID-porten blir slått av. For Altinn er det fullt trykk på å reetablere tenester frå dagens Altinn til ny Altinn-plattform. Alle tenester må vere på plass på ny plattform innan juni 2026.

Samfunnskritisk og komplekst

Dette er to av dei mest komplekse teknologiprosjekta i offentleg sektor i dag. Arbeidet er krevjande, men nødvendig. ID-porten og Altinn er samfunnskritiske løysingar og må verke når dei skal – når vi treng dei.

For Digdir betyr det at vi skal produsere kritiske tenester samtidig som vi bygger om for å sikre meir vekst, dekke nye og endra behov samt handtere dagens trusselsituasjon. Modernisering kostar. Men å investere i fellesløysingane gir meir tilbake enn vi brukar, ved å spare samfunnet for store kostnader. Difor held vi fram moderniseringsløpa for fullt, samstundes som vi jobbar saman med departementet om tilstrekkeleg finansiering.