Roller og oppgåver
Digdir har fire roller - vi er premissgivar, iverksettar, leverandør og tilsyn. Her forklarer vi kva dei inneber.
Premissgivar
Som premissgivar legg vi premissa, samordnar, gjer råd og er pådrivar for digitalisering.
Dette inneber at vi:
- gir regjeringa faglege råd om politikkutvikling
- utviklar styrings- og finansieringsmodellar som fremmar digitalisering
- vidareutviklar felles økosystem
- skaper nye tenester gjennom meir og sikker deling og bruk av data
- leiar og er sekretariat for Skate
- samordnar og rettleiar offentelege verksemder på informasjonssikkerheit
- utviklar eit digitaliseringsvennleg regelverk som fjernar hindringar og set fart på digitaliseringa
Iverksettar
Som iverksettar set vi i verk tiltak, prosjekt og handlingsplanar i tråd med vedteken politikk.
- realiserer livshendingane og skapar nye samanhengande tenester
- konkretiserer strategiar og utviklar metodeverk
- forvaltar støtte- og stimuleringsordningar som Medfinansieringsordninga, StimuLab og andre verkemiddel
- er sekretariat for Digitaliseringsrådet og Arkitektur- og standardiseringsrådet
Leverandør
Som leverandør leverer vi nye digitale fellesløysingar og forvaltar, videreutviklar og utvidar bruken av eksisterande løysingar.
- Altinn
- Felles datakatalog
- ID-porten
- Kontakt og reservasjonsregisteret
- Digital postkasse
- eSignering
- ELMA
- eInnsyn
- eFormidling
- Maskinporten
Tilsyn
Som tilsyn er vi tilsynsmyndigheit for universell utforming av nett, appar og automatar i både offentleg og privat sektor.
- Datadrive tilsyn med ikt-løysingar
- Informerer og rettleiar om regelverk
- Kunnskap om tilstand for universell utforming
- Bistand til regelverk og standardisering nasjonalt og internasjonalt
- Leverandør av løysing for tilgjengelegheits-erklæring – uustatus.no