Hopp til hovudinnhald

Slik jobbar vi med innovasjon

Innovasjonsarbeidet i Digdir handlar om å løyse samfunnsutfordringar, ikkje minst i arbeidet med samanhengande tenester og livshendingane. Digdir har ei rekke tilsette, verkemiddel og ordningar som bidreg til betre løysingar som skaper verdi for verksemder, innbyggarar og næringsliv.

Eit av hovedmåla for Digdir er å samordne digitalisering og innovasjon slik at det møter brukarane sine behov og sikrar ei effektiv offentleg forvaltning. Innovasjon er per definisjon eksperimenterande og løysinga er ukjent. Den raske teknologiske utviklinga krev kontinuerleg vidareutvikling av digital kompetanse for innovasjon, omstilling og datadriven innovasjon. I Digdir er vi avhengige av innovasjon i store deler av arbeidet vårt, anten vi skal vidareutvikle eller skape nye fellesløysingar, støtte dei vi er til for eller finne heilt nye løysingar på framtidige utfordringar. Arbeidet med informasjonsforvaltning og deling av data skal bidra til næringsutvikling og innovasjon i offentleg sektor, og vi skal bruke innkjøp til å fremme innovasjon og nytenking. Våre utviklingsmiljø har jobba smidig i mange år, og DevOps er ein naturleg del av vår metodikk. Vi har også eit eige fagmiljø for brukaroppleving med design- og innhaldskompetanse.

Vi stimulerer til innovasjon

  • Stimulab støttar og stimulerer til brukarorientert eksperimentering og nyskaping i forvaltninga. Det spesielle med Stimulab er at arbeidet startar i tidlegfasen og at mange verksemder og sektorar må finne nye arbeidsformer og løysingar for å kunne hjelpe brukarane.
  • Medfinansieringsordninga skal gjere det mogleg å realisere lønsame digitaliseringstiltak med store gevinstar, ofte prosjekt der verksemda som må gjere jobben får kostnadene, medan andre verksemder får gevinstane.
  • Det offentlege kjøper tenester for over 740 milliardar kroner i året. Digdir har samarbeidd med DFØ i StartOff, som koblar oppdragsgivarar og startups. StartOff gjennomførte fire prosjekt i løpet av 2023, mellom anna eit prosjekt for å forbetre informasjonen til pårørande for alvorleg sjuke barn. StartOff fekk ikkje budsjettmidlar for 2024 og vart avvikla ved årsskiftet.
  • Digitaliseringsrådet gir råd til og hjelper leiarar for statlege verksemder å lukkast med digitaliseringsprosjekt og endringsprosessar. I den årlege erfaringsrapporten deler Digitaliseringsrådet sine funn og tilrådingar.
  • Digdir er også med i Digital Samhandling Offentlig Privat (DSOP), eit samarbeid mellom offentlege verksemder og finansnæringa. Oppgjer etter dødsfall, eit delprosjekt under livshendinga dødsfall og arv, er eitt av samarbeidsprosjekta i regi av DSOP.
  • Digdir er ein aktiv part i både nasjonale og internasjonale innovasjonsnettverk, kor vi deler kunnskap og erfaringar for å auke innovasjonsevna og verdiskapinga i både offentleg og privat sektor.
  • Digdir fremjar klart språk, mellom anna gjennom digitalisering og innovasjon. I 2022 lanserte vi ein rettleiar som viser korleis verksemder og tilsette kan bruke klart språk som eit verktøy i utvikling av digitale tenester frå prosjektoppstart til ferdig løysing.
  • Digdir brukar framsynsmetodikk for å stimulere til ein meir langsiktig offentleg sektor som er betre rusta til framtida i ei usikker tid. Vi byggjer og formidlar kunnskap som aukar framtidskompetansen i forvaltninga på mange arenaer. I 2023 var hovedbidraget innspel til ny digitaliseringsstrategi. Digdir deltek i arbeidsgruppa Anticipatory Governance i Observatory of Public Sector Innovation (OPSI), eit initiativ under OECD.

Innovation@digdir: vårt eige innovasjonsmiljø

Offentleg sektor må levere betre tenester for færre kroner for å møte utfordringane som ligg føre oss. Det krev evne til innovasjon. Innovation@digdir er Digdir sitt eige innovasjonsmiljø – eit nettverk og fellesskap der vi stimulerer til idéutvikling og til å ta idéane vidare mot konkrete løysingar. I 2023

  • arrangerte Innovation@Digdir ein hackathon – med 80 deltakarar frå offentleg og privat sektor – rundt generativ KI med temaet Korleis utnytte kunstig intelligens i offentlege tenester? Hackathonen resulterte i 9 prototypar.
  • utforska og testa vi korleis nasjonale fellesløysningar kan understøtte nye måtar å utvikle offentlege tenester på.
  • gjennomførte vi samarbeidskonseptet «DFØ-Digdir Open» med sju arrangement og totalt over 600 deltakarar for å styrke og spreie innovasjonskompetanse på digitalisering.
  • støtta vi innovasjonsmiljø som DigiUng, Utanriksdepartmentet, NAV og Skattedirektoratet med innovasjonskompetanse.

Vi utviklar oss

Eit av dei strategiske måla i Digdir sin strategi er eit internt organisasjonsmål. Mål 4, "Digdir skal vere ein nytenkande og attraktiv organisasjon", har som delmål å utvikle ein fleksibel og lærande organisjon og at Digdir skal ta i bruk nye arbeidsmåtar og eksperimentere med teknologi for å innovere og skape verdiar.

Foto av Andreas Chummuenwai Bjørnå

Som lærling i Digdir får eg utforske det siste innan teknologi og oppleve ein arbeidskvardag som er like fleksibel som den er lærerik. Det er ein fantastisk moglegheit til å vekse både profesjonelt og personleg.