Fellesløysingar
Dei nasjonale fellesløysingane og registera er ein del av vår felles digitale infrastruktur. Arbeidet med å modernisere dei tekniske plattformene for Altinn og ID-porten var høgt prioritert i 2023.
Digdirs mål
Digdir hadde fire mål for arbeidet med fellesløysingane i 2023.
Mål 1
Sikre stabil og sikker drift av direktoratets fellesløysingar.
Resultat
- Alle løysingane vart drifta stabilt gjennom året og med ei gjennomsnittleg oppetid innafor krava på årsbasis.
Prioriteringar og tiltak
- Auka bruk og nye bruksområde setter fellesløysingane under press. Digdir vil prioritere å ruste fellesløysingane for vidare vekst og bygge ny funksjonalitet for å møte nye brukarbehov. Vi vil gjere store og viktige moderniseringar for å sikre nasjonale fellesløysingar med markedsleiande kjerneteknologi på oppdaterte tekniske plattformer. Ein skjerpa sikkerheitssituasjon vil kreve kapasitet og kompetanse for å møte det nye trusselbildet som vi står overfor.
Oppnådd
Mål 2
Auka bruk av Digdirs fellesløysingar.
Resultat
- Offentleg sektor bruker i aukande grad Digdir sine fellesløysingar i sin tenesteproduksjon. Både antal verksemder (kundar) og tenester som bruker fellesløysingane auka frå 2022 til 2023. I 2023 fortsatte m.a. veksten i antal innloggingar i ID-porten. Altinn autorisasjon, samtykker og Altinn formidling auka mellom 16 og 62 %.
Prioriteringar og tiltak
- Vi betrar, forenklar og automatiserer forvaltninga og drifta av fellesløysingane kontinuerleg for å legge til rette for vekst og nye behov. Modernisering av fellesløysingane på oppdaterte tekniske plattformer aukar sikkerheit og skalerbarheit. Vårt markedsteam jobbar målretta for å auke bruken, samtidig som vi har som mål å tilpasse markedsaktivitetar med dei utfordringane som moderniseringa av Altinn medfører.
Oppnådd
Mål 3
Beslutning om eventuelle nye fellesløysingar og ny funksjonalitet i eksisterande fellesløysingar, skal vere forankra i brukarbehov, og finansiering må vere avklart i forkant.
Resultat
- Pilotprosjektet med utstedelse av MinID i skolen og Begrepsregistreringsløysinga er eksempel frå 2023 der brukarbehova var førande for utviklingsarbeidet. Andre eksempel er samarbeid med EnTUR om sikker deling av data ved hjelp av Maskinporten.
- For Dialogporten, del av Altinn-moderniseringa, er pilotproduksjon planlagt til tredje kvartal 2024.
Prioriteringar og tiltak
- Samarbeid, innovasjon og pilotering, moderniseringsarbeid og forutsigbar finansiering er nøkkelen til å møte nye brukarbehov gjennom kontinuerleg fornying.
Oppnådd
Mål 4
Progresjon i flyttinga av tenester frå Altinn II til Altinn 3,
Resultat
- Utbredelsesprosjektet der vi flyttar over 800 tenester i Altinn II til Altinn 3-plattforma er godt i gang.
Prioriteringar og tiltak
- Fleire enn 61 innsendingstenester vart flytta over til Altinn 3 i løpet av 2023. Ytterlegare 30 var ferdig utvikla per 31.12.
Delvis oppnådd
Nøkkeltal
Fellesløysingane frå Digdir hadde stabil drift gjennom heile året med jamn og aukande bruk.
Innloggingar i ID-porten. Auke på 3,7 %
Meldingar og skjema sendt i Altinn. Auke på 6,2 %
Datakonsumentar i Maskinporten. Auke på 25,8 %
Samtykke gitt i Altinn. Auke på 26,5 %
Bruk av fellesløysingane i perioden 2021-2023
2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|
Tenester | 7 958 | 8 933 | 9 116 |
Kundar | 1 281 | 1 396 | 1 461 |
Altinn autorisasjon – førespurnader
2021 | 2022 | 2023 |
---|---|---|
75 774 866 | 158 171 070 | 255 627 166 |
Fellesløysingane frå Digdir hadde stabil drift gjennom heile året med jamn og aukande bruk. Parallelt med drift og forvaltning av løysingane pågjekk eit omfattande moderniseringsarbeid. Ein av dei viktige milepælane i 2023 var flytting av dei aller fleste offentlege tenestene som brukar ID-porten over til ny teknisk plattform. Prosjektet, som berører heile eID-infrastrukturen, blir avslutta i 2024 og den gamle ID-porten blir slått av.
Parallelt var det høg utviklingstakt også på den nye Altinn 3-plattforma gjennom året. Den nye arkitekturen er sikrare og langt meir fleksibel enn Altinn II og møter framtidas behov for ei digital tenesteproduksjonsplattform. Tenester som nyttar Altinn II i dag kan reetablerast på den nye plattforma innan juni 2026.
Mål
Digdir hadde følgande delmål for fagområdet fellesløysingar i 2023:
- Delmål 1: Stabil og sikker drift av direktoratets fellesløysingar.
- Delmål 2: Auka bruk av Digdirs fellesløysingar.
- Delmål 3: Direktoratets beslutning om eventuelle nye fellesløysingar og ny funksjonalitet i eksisterande fellesløysingar, skal vere forankra i brukarbehov, og finansiering må vere avklart i forkant.
- Delmål 4: Progresjon i overføring av tenester frå Altinn II til Altinn 3.
Resultat
Delmål 1: Sikre stabil og sikker drift av direktoratets fellesløysingar
Alle løysingane vart drifta stabilt gjennom året, med ei gjennomsnittleg oppetid som er innafor krava på årsbasis. Også i 2023 var det retta eit høgt antal digitale angrep mot ein del av Digdir sine tenester. Hendingane har ikkje medført avvik når det gjeld sikkerheit i fellesløysingane eller krava til oppetid.
Moderniseringa av ID-porten-plattforma bidrar til at Digdir leverer sikre og robuste fellesløysingar på eID-området til offentleg sektor. Den nye plattforma er i drift og dei aller fleste tenestene var migrert over ved utgangen av 2023. Plattforma leverer betydelig høgare ytelse, og den set oss i stand til å handtere sikkerhetshendingar betre gjennom meir omfattende overvaking, loggverktøy og ei meir robust plattform.
Altinn II, Altinn 3 og datadelingsprodukta har levert på mål 1 i 2023. Altinn II bygger på utdaterte produkt og må avviklast innan sommaren 2026. Parallelt skal Altinn 3 realiserast gjennom eit omfattaande moderniseringsprosjekt som også skal sikre at dette skjer med eit minimum av driftsforstyrringar.
Delmål 2: Auka bruk av Digdirs fellesløysingar
Både antal verksemder (kundar som har signert bruksvilkår for offentlege verksemder) og tenester* som bruker fellesløysingane auka frå 2022 til 2023. Auken i innloggingar i ID-porten heldt fram, og tilsvarande utvikling gjaldt bruken av Maskinporten, Altinn, eInnsyn, eSignering og Elma. Auken i bruken av eFormidling skuldast at det vart teken i bruk ny transportinfrastruktur for meldingformidling til digital postkasse til innbyggar, kombinert med vekst i både brukarar av digital postkasse og masseutsending av digitale valkort i 2023. Kontakt- og reservasjonsregisteret er som einaste fellesløysing oppført med ein liten nedgang. Grunna overgang til ny plattform manglar fullstendig talgrunnlag for registeret for september månad 2023.
Altinn Autorisasjon hadde ein vekst på 61 % i 2023, noko som understrekar at dei digitale fellesløysingane blir stadig meir sentrale i tenesteproduksjonen og oppgaveløysinga i offentleg og privat sektor.
Tenesteeigarane tok i aukande grad i bruk Altinn 3. Det vart sendt inn 3 017 137 skjema ved hjelp av Altinn 3, ein auke på 88,4 %. Det er også stadig fleire som nyttar Altinn Studio for å lage og utvikle tenestene.
Årsstatistikken viser at Maskinporten som vart lansert i 2019, har etablert seg som ei viktig nasjonal løysing som dekker felles behov. Fleire tilbydarar og brukarar av data tek i bruk løysinga. Maskinporten bidrar slik til meir effektiv deling av data på tvers av offentlege og private verksemder. Det er fleire gode eksempel på at deling av data gir betydelege gevinstar. Offentleg sektor utvekslar data for å effektivisere og skape betre tenester for innbyggarar og næringsliv. Det er også vellukka samarbeid t.d. med finanssektoren der pågåande prosjekt har skapt verdiar for 22 milliardar kroner.
Fotnote
* Med overgang til ny plattform har Digdir no betre grunnlag for å rapportere på antal tenester. Teljing blir no gjort ved at vi hentar ut tenester som har vore aktive siste 12 mnd. istaden for å hente totalt antal integrasjonar registrert. For at rapporten skal kunne gi eit samanlikningsrunnlag over tid er tala oppdatert med ny teljemetode også for 2021 og 2022. Opprinnelege tal for 2021 og 2022 var hhv. 9257 og 11846.
Nasjonale fellesløysingar
Tillitstenester
- Altinn Autorisasjon
- ID-porten
- eSignering
- Maskinporten
- MinID
Produktgruppe Datadeling
- data.altinn.no
- data.norge.no (felles datakatalog)
- datalandsbyen.norge.no
- datafabrikken.norge.no
Tenesteutvikling
- Altinn portal med innboks
- Altinn II
- Altinn Studio
Meldingsutveksling
- Digital postkasse til innbyggar
- Altinn meldingsteneste
- eFormidling
- Altinn formidlingsteneste
Innsyn og oppslag
- eInnsyn
- Kontakt- og reservasjonsregisteret
- Elektronisk mottakaradresseregister
Maskinporten er ei av fellesløysingane
Transaksjonskostnader i Altinn
2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|
Sentralfinansiert personalkost. inkl. overhead | 107 395 649 | 137 930 896 | 118 280 481 | 134 130 732 |
Prosjekt finansiert over grunnramme | 36 554 310 | 39 769 040 | 48 014 770 | 61 887 171 |
Drift og forvaltning tjenesteeierfinansiert | 100 365 015 | 110 247 320 | 122 194 352 | 129 205 065 |
Transaksjoner | 103 441 800 | 131 357 206 | 140 921 641 | 172 215 320 |
Kostnad pr. transaksjon | 2,36 | 2,19 | 2,05 | 1,89 |
Sum | 244 314 974 | 287 947 256 | 288 489 603 | 325 222 968 |
Årsstatistikk 2023 for fellesløysingane som Digdir har ansvar for
2021 | 2022 | 2023 | Endring i % | |
---|---|---|---|---|
Antal kundar som bruker fellesløysingane | 1 281 | 1 396 | 1461 | 4,66 % |
Antal tenester som bruker fellesløysingane | 7 958 | 8 933 | 9 116 | 2,05 % |
Antal innloggingar i ID-porten | 317 565 317 | 285 740 297 | 296 439 528 | 3,74 % |
Antal datatilbydarar i Maskinporten | 29 | 38 | 46 | 21,05 % |
Antal konsumentar i Maskinporten | 8 359 | 13 749 | 17 290 | 25,75 % |
Antal oppslag i Kontakt- og reservasjonsregisteret | 2 273 478 728 | 2 209 536 471 | 2 148 747 712 | -2,75 % |
Antal brev sendt i Digital postkasse til innbyggarar | 23 078 773 | 21 652 713 | 25 888 537 | 19,56 % |
Antal innbyggarar med digital postkasse | 2 708 013 | 2 859 482 | 3 020 871 | 5,64 % |
Antal signeringar i eSignering | 1 585 321 | 2 369 610 | 2 410 609 | 1.73 % |
Antal forsendelser i eFormidling | 2 914 679 | 3 668 450 | 12 755 012 | 247,69 % |
Antal statlege verksemder med eFormidling | 130 | 146 | 170 | 16,44 % |
Antal dokument tilgjengeleg i eInnsyn | 47 591 863 | 56 232 915 | 63 955 126 | 13,73 % |
Antal innsynskrav i eInnsyn | 389 388 | 453 222 | 466 957 | 3,03 % |
Antal dokument gjennom ELMA | 172 059 570 | 197 264 618 | 233 444 130 | 18,34 % |
Antal meldingar sendt via Altinn digital post | 69 853 628 | 68 419 581 | 73 714 709 | 7,74 % |
Antal enkeltskjema sendt via Altinn – Altinn 3 utgjer 14% av trafikken | 24 178 467 | 23 956 312 | 24 374 468 | 1,75 % |
Antal samtykke gitt i Altinn | 2 673 542 | 3 139 946 | 3 976 068 | 26,63 % |
Antal varsel på SMS knytta til skjema og meldingar i Altinn | 23 551 411 | 20 429 178 | 20 596 834 | 0,82 % |
Antal varsel på e-post knytta til skjema og meldingar i Altinn | 81 045 170 | 97 931 934 | 110 991 074 | 13,33 % |
Antal autorisasjonskall i Altinn – NB! Statistikk innført i perioden januar-mars 2021 | 75 774 866 | 158 171 070 | 255 627 166 | 61,61 % |
Delmål 3: Direktoratets beslutning om eventuelle nye fellesløysingar og ny funksjonalitet i eksisterande fellesløysingar, skal vere forankra i brukarbehov, og finansiering må vere avklart i forkant.
Veksten i bruk av fellesløysingane gir betre kvalitet og reduserte kostnader i forvaltninga. Nytte- og kostnadsanalysar utført av Oslo Economics viser at bruken av fellesløysingane gir vesentlege gevinstar. I 2023 ga bruken av løysingane ein nettogevinst på omlag 970 millionar kroner. I tillegg kjem dei betydelege gevinstane som Altinn gir. Gevinstane inneber m.a. spart tidsbruk i offentlege verksemder, sparte portokostnader, sparte transaksjonskostnader og andre fordelar som kjem med stordrift. I tillegg skaper løysingane kvalitative gevinstar som t.d. betre brukaroppleving som ikkje er talfesta.
Samarbeid og dialog
Gjennom Styringsrådet samarbeider Digdir med eit breitt utval av kundar om utviklingsplanar, strategiar og vegkart for fellesløysingane. Det er etablert produktråd for grupper av produkt som operasjonaliserer arbeidet vidare. Samstundes blir det gjort eit marknads- og innsiktsarbeid mot kundar, leverandørar og brukarar som sikrar gode beslutningsgrunnlag.
Med bakgrunn i manglande finansiering og nødvendig prioritering av modernisering av eID-infrastrukturen og Altinn 3, har utviklingsaktiviteten på fellesløysingane vore vesentleg redusert i 2023.
Digdir jobbar spesielt aktivt med å forsterke det faglege utviklarmiljøet som gir viktige bidrag til utviklingstakten på fellesløysingane og rikare funksjonalitet som igjen gir kraft i digitaliseringa av forvaltninga. I samarbeid med NORAD og Digital Public products-alliansen (DPGA) arbeider vi med å løfte Altinn fram som eit internasjonalt fellesgode.
I eit samarbeidsprosjekt med Skatteetaten og Brønnøysundregistera har Digdir løfta fram data.norges begrepsregisteringsløysing. Løysinga er i produksjon og bidrar til at alle offentlege verksemder som nyttar denne katalogtenesta har prosess-støtte tilgjengeleg. Løysinga er finansiert med midlar og ressursar frå partane og dekker eit behov som alle verksemder i offentleg sektor har, og som er sentralt for å utløyse verdiane av data som offentleg sektor forvaltar.
Digdir har også i 2023 jobba aktivt med DSOP (Digital Samhandling Offentlig og Privat) og ulike samarbeidsforum knytta til datadeling, realisering av tenester rundt livshendinga dødsfall og arv og tenesteeigarar. Det har vore tett samarbeid med Barne- og familiedepartementet, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, KS og Virke. Gjennom ulike perspektiv har vi fått synleggjort nye behov inn mot fellesløysingane og behov for samarbeid på tvers.
eID til flyktningar
Som følge av krigen i Ukraina fekk Digdir i oppdrag å etablere ei løysing for utstedelse av eID til ukrianske flyktningar som kom til Noreg. Målet var å sikre at flyktningane fekkk effektiv og trygg tilgang til viktige offentlege tenester. Det vart inngått avtale med Buypass om å utferde eID på nivå «høgt», saman med utferding av MinID til dei som ikkje kvalifiserte til eID frå Buypass. Gjennom 2023 var tal bestillingar relativt stabilt. Ordninga er avvikla frå 1. januar 2024 sidan det ikkje er tildelt midlar for vidare drift.
Innovasjon og pilotering
Digdir har hatt samarbeid med DigiUng (Helsedirektoratet) om eit pilotprosjekt for å utferde MinID i skulen. Målet er å gi ungdom ein enklare veg inn til digitale offentlege tenester. I piloten har vi testa om det er mogleg å gjennomføre god nok ID-kontroll til at lærarar og rådgivarar på skulane kan utferde MinID til elevar. Erfaringane so langt er svært positive. Arbeidet vil halde fram i 2024 og førebu grunnen for eID til alle, i tillegg til arbeidet som skal i gang med digital lommebok.
I 2023 har Digdir også undersøkt korleis vi med Maskinporten kan dele skyressursar på ein sikker måte på tvers av verksemder. I samarbeid med EnTUR har vi undersøkt korleis data kan delast ut av eigen organisasjon med støtte i nasjonale løysingar for identitet for å sleppe å handtere identitet og onboarding i eigen organisasjon. Målet er å gjere det enklare å dele store analytiske datasett på ein mer effektiv måte. Maskinporten har vorte brukt som id-kontroll for offentleg sky. Piloten har så langt vore vellukka. Arbeidet held fram i 2024, sjølv om manglande finansiering reduserer handlingsrommet.
Piloteringa av Ansattporten, som skal løyse behovet for pålogging som tilsett, heldt fram i 2023. I 2024 utarbeidar direktoratet ein erfaringsrapport med tilråding om vegen vidare.
Som ein del av moderniseringsarbeidet med Altinn, samarbeider Digdir tett med Skatteetaten og NAV om å etablere Dialogporten. Løysinga skal gjere det mogleg for innbyggarar og næringsliv (inklusive revisorar, regnskapsførar og systemleverandørar) å stille seg til éin stad for å halde oversikt over digitale dialogar med det offentlege – og uavhengig av underliggande tenesteplattform. Dette vil gi meir fleksibilitet og moglegheit for skreddersydde løysingar frå tjenestetilbydarar. Samtidig skal innbyggar i hovudsak kunne stille seg til ei felles arbeidsflate, noko som også legg til rette for samanhengande tenester. Pilotproduksjon er planlagt tredje kvartal 2024.
Arbeid med nye finansieringsmodellar
Medan bruken av fellesløysingane aukar må ein sikre at drift, forvaltning og vidareutvikling kan skje på ein effektiv måte i åra framover. Veksten i bruken av løysingane inneber auka kostnader, og det pågår eit arbeid for å få på plass finansieringsmodellar som er forutsigbare og ivaretek hensynet til forvaltning og utviklingsbehov. Dei økonomiske rammene også i 2023 har vore begrensande, og hovudprioriteringa har difor vore retta mot sikker og stabil drift av løysingane. Manglande avklaring om nye finansieringsmodellar og mva-problematikk gjer det utfordrande å jobbe for utbreiing av løysingane. Dette gir seg vidare utslag i at offentlege verksemder som kan og bør ta i bruk fellesløysingar sit på gjerdet. Eit uheldig utslag er at offentlege aktørar kan finne det teneleg å utvikle eigne løysingar framfor å ta i bruk nasjonale fellesløysingar. Det er grunn til å tru at manglande avklaring vil medføre redusert vekst i bruken av fellesløysingar fram mot 2027.
Direktoratet har prioritert arbeidet med finansieringsmodellar og ventar på avklaringar frå departementet.
"Å vere ein bidragsytar til eit open kjeldekode-prosjekt som driv heile nasjonen Noreg, fyller med med enorm tilfredsstilling og spenning."
Modernisering av eID-porteføljen og styrking av drift-, forvaltning- og utviklingsorganisasjonen
Moderniseringa av systemarkitekturen på eID-området er eit arbeid som har pågått over fleire år og omfattar også innkjøp av ny driftsplattform. Dette skal sikre at Digdir i framtida kan handtere høgare volum og auka trafikk i fellesløysingane. Det vil også legge til rette for nye bruksområde, auka endringstakt og innovasjonsevne. Dette er viktig for å sikre eit akseptabelt sikkerheitsnivå for løysingane. Modernisering av applikasjonane har også pågått gjennom 2023.
I slutten av juni 2023 var nye ID-porten i ordinær drift. Digdir har jobba aktivt for å sikre at verksemdene som brukar ID-porten fekk ein god overgang til ny plattform. Større kompleksitet enn venta og utfordringar med leveransar på grunn av krigen i Ukraina medførte at prosjektet vart noko forsinka. I opprinneleg plan skulle alle tenester vere flytta innan 31. desember 2023. Denne fristen er utsett til primo 2024.
Med ny teknisk plattform følger endringskrav til organisasjonen. Arbeidet med kompetansestyrking, forbetring av prosessar, rutiner og arbeidsmetodikk held fram i 2024 slik at organisasjonen er rusta for å handtere nye behov, aukande kompleksitet og ein skjerpa sikkerheitssituasjon.
"Det er kjekt å ha vore med å modernisere ID-porten og få lov til å jobbe med heilt nye teknologiar. No står nye spennande prosjekt for tur!"
Delmål 4: Progresjon i flyttinga av tenester frå Altinn II til Altinn 3
Det har vore god framdrift i arbeidet med å flytte tenester frå Altinn II til Altinn 3-plattforma og bruk av Altinn Studio. Målet om antal flytta tenester vart ikkje helt nådd, men fleire tenesteeigarar er igang med å migrere sine tenester og mange tenester ligg klar til produksjonssetting. Det er eit omfattende arbeid som gjenstår og dette medfører krevjande prioriteringar både i Digdir og hos tenesteeigarane fram til 2026.
Moderniseringa av Altinn inneber at over 800 tenester i Altinn II flyttast til Altinn 3-plattforma. Fleire enn 61 innsendingstenester vart flytta til Altinn 3 i løpet av 2023. Ytterlegare 30 var ferdig utvikla per 31. desember 2023, men ikkje sett i produksjon på grunn av at tenesteeigar m.a. ikkje hadde fått på plass integrasjonen for å motta data inn i sine respektive fagsystem.
Det vart sendt inn 3 017 137 skjema i Altinn Studio i 2023, ein auke på over 88 %. Vi ser at terskelen for å ta i bruk den nye løysinga er lågare, og vi forventar vesentleg vekst på antal produksjonssette tenester i 2024.
I 2023 fatta EU ei adekvansbeslutning rundt Schrems II-dommen. Dette har i betydeleg grad redusert støyen rundt bruken av skyplattformer for fellesløysingane. Det er betydelig færre tenesteeigarar som problematisere det å ta i bruk tenester som nyttar amerikanske skyleverandørar. Dette heng saman med eit alvorleg trusselbilete der Azure og Google Cloud framstår som dei sikraste miljøa for å realisere og tilby digitale tenester.
I 2024 vil Digdir prioritere å bistå eksisterande tenesteeigarar med migrering, samt sluttføre arbeidet med Altinn Studio slik at det nye miljøet har tilstrekkeleg funksjonalitet. Dette skal ferdigstillast innan sommaren 2026.
Altinn Studio gir offentlege verksemder moglegheit til å utvikle moderne applikasjonar på den mest sikre, skalerbare og fremtidsretta infrastrukturen. Digdir er i gang med eit prosjekt for å spreie kunnskap om Altinn 3, noko som vil bidra til raskare flytting av resterande tenester.
"Som nytilsett i Digdir set eg pris på utfordrande oppgåver, god oppfølging frå kollegaer, og ein følelse av at eg bidreg til å skape noko av betydning."
Utfordringar
Som det framgår i omtalen av hovudmål 3 må det etablerast meir hensiktsmessige finansieringsmodellar for fellesløysingane. Grunnfinansieringa er ikkje tilstrekkeleg og tek ikkje høgde for behovet for drift, forvaltning, framtidig skalering og forutsigbarheit for tenesteeigarane. Samtidig som bruken aukar, blir rammene i praksis strammare på grunn av inflasjon og behov for nødvendige utviklingstiltak. Nytt lov- og regelverk, som WCAG-standarden og andre kommande reguleringar frå EU (m.a. Single Digital Gateway, SDG, og Data Governance Act, DGA), stiller krav om vesentlege endringar og dermed ressursar for å kunne bli gjennomført. I tillegg står vi overfor ein skjerpa sikkerheitssituasjon og ein auke i digitale angrep retta mot Digdir. Dette utfordrar oss på teknologifeltet, ressursmessig og tilgangen til rett spisskompetanse. Digdir vil endre finansieringsmodellar for alle fellesløysingane i åra framover, med plan om at vi har alle på plass til 2027. Det vil skje ei gradvis innføring slik at nokon fellesløysingar får nye finansieringsløsningar før andre. Dette er eit omfattande arbeid der vi må ivareta hensyn til forutsigbarheit for alle partar. Dagens situasjon skaper usikkerheit for offentlege verksemder og medfører utsetting eller forsinka digitalisering av tenester og at potensielle gevinstar av samanhengande tenester ikkje blir tatt ut.
I den breie porteføljen av fellesløysingar er det dessutan viktig å sikre god intern koordinering slik at ein ikkje utviklar overlappande produkt eller funksjonalitet. For organisasjonen inneber veksten i bruken av fellesløysingane at ein må effektivisere, forbetre, forenkle og automatisere drift og forvaltning. Digdir har henta ut effektar av dette arbeidet og slik klart å vidareutvikle løysingane i tråd med behov og forventningar.
Tilgang til data på tvers av forvaltninga og forvaltningsnivåa ligg på same nivå som sidan 2020. Manglande deling og tilgang på informasjon om datasett er ein bremsekloss for digitaliseringsarbeidet, arbeidet med samanhengande tenester og det å realisere verdiane som ligg i at data kan brukast sekundært. Med unntak av GeoNorge er det lite endring. For Datafabrikken har trafikken gått betydeleg ned i 2023. Digdir vil avvikle tiltaket i 2024. Det same gjeld Behandlingsoversikten og Datahotellet.
"Som produktsjef for eInnsyn er eg med på å legge til rette for offentlegheit i samfunnet vårt – og på den måten sikre eit ope og transparent demokrati."
Prioriteringar og tiltak
Digitaliseringsstrategien "Éin digital offentleg sektor" skal støtte digital transformasjon i kvar enkelt verksemd og i offentleg sektor generelt. Viktige element for å realisere strategien er at verksemdene nyttar eksisterande fellesløysingar framfor å etablere eigne løysingar, og at dei deler data som dei forvaltar. Dei nasjonale fellesløysingane skal videreutviklast og forvaltast på ein samordna måte. Digdir sine kundar i offentleg sektor skal stole på at utviklingsplanane våre er forutsigbare og at dei som tenesteeigarar blir involvert i arbeidet med desse. For å sikre godt samspel mellom dei nasjonale fellesløysingane og dei mange ulike fagløysingane i offentleg sektor, blir det svært viktig å ha tett dialog med verksemdene og marknadsaktørane som leverer tenester til det offentlege. Dette gjer vi m.a. gjennom vårt tverrgåande marknadsteam. I 2023 vart det etablert fleire produktråd som bidreg aktivt i dei strategiske vurderingane av korleis løysingane skal vidareutviklast.
Fremste prioritet for Digdir er å sikre stabil og trygg drift av fellesløysingane og gi brukarar og kundar enkel og trygg tilgang til desse. I 2024 vil Digdir styrke drift og forvaltning for å framleis kunne tilby sikre, stabile og skalerbare fellesløysingar. Arbeidet med å styrke Digdir si evne til å forebygge, oppdage og handtere digitale angrep frå trusselaktørar held fram. Arbeidet med moderniseringene av plattformene held fram slik at forvaltninga kan nytte nasjonale fellesløysingar basert på marknadsleiande kjerneteknologi som køyrer på oppdaterte tekniske plattformer. Samla vil tiltaka bidra til at infrastrukturen som offentleg sektor nyttar i digitaliseringsarbeidet held eit tillitsgivande og tilstrekkeleg sikkerheitsnivå.
"Eg trivst veldig godt i Digdir og vi har eit godt arbeidsmiljø. Ved Altinn brukarservice får eg brukt min kompetanse og bidra til å forbetre brukarane si oppleving av Altinn."