Hopp til hovudinnhald

Nye Altinn: Vi bygger mens vi flyr

Sjå for deg at du er pilot i eit fullt fly, samtidig som du bygger eit nytt, betre og sikrare fly – og at du også skal sørge for at passasjerane kjem trygt over i det nye flyet. Alt mens de framleis er i lufta - du kan ikkje parkere det første flyet mens du bygger nytt. Omtrent slik kjennest det å ha ansvar for å lage ein heilt ny versjon av den samfunnskritiske digitale plattforma Altinn.

Vi driv ikkje med luftfart i Digitaliseringsdirektoratet. Men i juni 2026 kjem vi til å parkere den utgåva av Altinn dei fleste kjenner, sløkke lysa i cockpit og kabin og smekke igjen døra. Innan den tid må alle verksemder som bruker Altinn til å levere tenester, ha reetablert tenestene sine på ei ny og modernisert utgåve av plattforma. Fram til alle er trygt om bord der må «gamle» Altinn vere operativ – viss ikkje vil det få alvorlege konsekvensar for etatar, næringsliv og innbyggarar.

Nokre delar av den nye plattforma er på plass, og nokon har allereie tatt dei i bruk og er svært godt nøgde med fordelane dei gir, men størstedelen av bygginga og prosessen med å få alle tenestene over på ny plattform står att.

I denne artikkelen fortel vi litt om bygge- og flyttearbeidet vi, saman med mange av «flypassasjerane», står midt i.

Men først litt historie.

21-åringen Altinn

På starten av 2000-tallet brukte norske bedrifter meir enn 7 300 årsverk på å rapportere til offentlege myndigheiter. Då Altinn blei lansert i 2003 var målet å gjere det enklare for næringslivet å rapportere.

Sidan den gong har Altinn i stadig større grad gjort akkurat det. I dag er Altinn i tillegg ein plattform som offentlege verksemder kan nytte for å lage digitale tenester på ein enkel og samfunnsøkonomisk smart måte.

Til tross for ei oppussing i 2010-2012 er teknologien i dagens Altinn altså meir enn 20 år gammal. Dei fleste 20-åringar er spreke og vitale – men det gjeld ikkje når vi snakkar om teknologi.

Vel 20 år etter oppstarten er Altinn definert som ei samfunnskritisk, nasjonal fellesløysing som gjer vesentlege gevinstar knytt til samhandling, effektivisering og standardisering.

Digdir-illustrasjon. Person med rakett på ryggen med blå bakgrunn

Utan Altinn stoppar Noreg

Tal for 2023 viser at i dag

  • bruker 500 etatar, fylkeskommunar og samarbeidspartnarar Altinn til å levere heilt nødvendige tenester vi som innbyggarar og dei fleste bedrifter er avhengige av.
  • sender næringslivet og offentlege etatar årleg over 94 millionar meldingar og skjema i Altinn. Talet auka med over sju prosent berre frå 2022 til 2023.

Norske næringslivsleiarar oppgir at dei sparer milliardbeløp årleg på å bruke Altinn – når vi reknar spart tid på rapportering til det offentlege åleine.

Altinn bidrar også til å spare samfunnet for store kostnadar og til å forbetre tenester som er viktige for oss:

  • Tenesta «Samtykkebasert lånesøknad» har ein estimert samfunnsøkonomisk gevinst på 13 milliardar over 10 år. I tillegg gjer den livet mykje enklare for lånekundane.
  • Tenesta «Digital samhandling ved eigedomshandel» har ein forventa gevinst på i overkant av 18 milliardar på 10 år, og gjer livet enklare for kjøpar, seljar og meklar. Heildigital bustadhandel er i tillegg anslått til å spare miljøet for 120 tonn papir over 10 år.

Ei rekke andre samfunnskritiske tenester frå ulike “tenesteeigarar” er avhengige av Altinn:

  • Statistisk sentralbyrås statistikkproduksjon er nødvendig mellom anna for rentefastsetjing og finanspolitikk.
  • Samordna registermelding frå Brønnøysundregistera trengs for å registrere nye selskap eller gjere kapitalendringar og andre endringar i styrer osb. i eksisterande selskap.
  • Mange andre små og store tenester – knyta til alt frå skatteinnkreving, tolltenester, næringslivets dialog med det offentlege og søknad om barnehageplass, brukar også Altinn.

Derfor seier vi i Digdir, utan å raudne, at utan Altinn stoppar Noreg.

Heilt nødvendig modernisering

Til tross for suksessen er vi godt i gang med å bygge eit helt nytt Altinn. Det er mange årsaker til at det er nødvendig, men den viktigaste er at teknologien Altinn er bygd på, er gått ut på dato.

Fullfører vi ikkje arbeidet med å få passasjerane om bord i eit ferdigbygd, nytt fly innan fristen vil det kunne få alvorlege konsekvensar for mellom anna stabilitet, sikkerheit og personvern.

Dagens teknologi

  • vil kunne gjere Altinn sårbar for sikkerheitsangrep. Etter juni 2026 vil det ikkje vere mogleg å få support og sikkerheitsoppdateringar på programvara deler av plattforma og mange av tenestene er bygd på. Det gjer sikkerheitsrisikoen ved å fortsette på dagens plattform uforsvarleg høg.
  • gjer det ressurskrevjande og vanskeleg å vedlikehalde plattforma og halde tenestene stabile
  • gjer det umogleg å støtte EU sine krav til universell utforming (WAD-direktivet)
  • gjer det umogleg å oppfylle EU sine krav til personvern (GDPR-reglane)
  • gjer Altinn mindre relevant for mange tenesteeigarar fordi teknologien er for lite fleksibel og står i vegen for innovasjon.

Til saman er dette bakgrunnen for at vi i Digdir står midt i et av dei mest komplekse teknologiprosjekta i offentleg sektor i dag.

Vi er ikkje åleine: Fire prosjekt og eit program

Det er vi i Digdir som har ansvar for å bygge og klargjere den nye plattforma. Arbeidet er organisert som eit prosjekt som involverer mange av dei medarbeidarane som samstundes er ansvarlege for å halde «gamle» Altinn oppe og i full drift.

Men flypassasjerane, i form av 73 tenesteeigarar – dei som er avhengige av Altinn for å kunne levere sine tenester til andre etatar, næringsliv og innbyggarar – må også gjere til dels store teknologiske endringar i «sin ende» før tenestene kan reetablerast i det nye flyet.

Både store og små tenesteeigarar må tilpasse sine tenester – med støtte frå oss i Digdir. Dei tre etatane som har flest tenester i Altinn er Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå og Brønnøysundregistera. Hos desse tre krevst det så omfattande endringar og tilpassingar til ny teknologi at dei har etablert eigne, store prosjekt som jobbar med å klargjere tenestene og reetablere dei på ny plattform.

Framdrifta i desse tre prosjekta og vårt eige Altinn-prosjekt er i stor grad gjensidig avhengige av kvarandre, og tida fram til lyset må sløkkast i det eldste Altinn-flyet er kort. Derfor er arbeidet i dei til saman fire prosjekta organisert som eit koordinerande program – leia av Digdir.

Vi har sidan våren 2023 jobba saman med å få på plass felles planar, organisering og finansiering. Saman såg vi også at det var nødvendig å utsette opphavleg planlagt sluttdato i gamle Altinn frå 2025 til 2026. I 2023 innvilga regjeringa midlar til programmet, slik at vi skulle kunne jobbe vidare i 2024. Derfor vart samarbeidet formalisert som eit program frå 2024. Det har vorte gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av underlaget for programmet (det som kallast ein KS2-prosess), og kvalitetssikraren støttar gjennomføring og finansiering av planane. Anbefalinga ligg til grunn når vi ber om midlar til å fullføre arbeidet vi er i gang med i revidert nasjonalbudsjett for 2024.

Slik påverkar arbeidet Digdir

Prosjektet «Modernisering av Altinn» åleine er eit stort prosjekt som krev mykje av organisasjonen vår. Rundt 90 medarbeidarar bruker heile eller deler av tida si på å jobbe i prosjektet – mange er dei same som også skal drifte «gamle» Altinn fram til stenginga. I tillegg er vi i eit så omfattande prosjekt avhengige av kapasitet utanfrå. Derfor jobbar rundt 70 konsulentar saman med oss når vi bygger det nye flyet. Saman med våre eigne medarbeidarar jobbar dei med alt frå koding og teknologi til omfattande støtte og rettleiing til tenesteeigarane og brukarane av Altinn.

I tillegg kjem oppgåva med å lei programmet «Nye Altinn». Eit eige programkontor koordinerer vårt eige prosjekt med arbeidet i prosjekta som vert drivne av Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå og Brønnøysundregistera. I tillegg til ein innleigd programleiar bidrar eigne medarbeidarar inn i dette omfattande arbeidet med å følge opp prosjekta og sørge for rapportering, kommunikasjon og rutiner som må vere på plass for å sørge for at programmet når sine mål.

Men også resten av Digdir vert påverka av Altinn-arbeidet. Prosjekt og program krev så mykje av kapasitet og ressursar at andre viktige oppgåver og tenester må «vente på tur» i større grad enn ønskeleg.

Det er dyrt å bygge fly

Digdir har hittil prioritert dette internt, og har brukt store ressursar så langt. Parallelt held prosessen fram med å finansiere resten av arbeidet.

Langt frå alle midla går til at vi i Digdir skal bygge det nye flyet.

Investeringa til programmet vil dekke

  • kostnader til å utvikle ei ny, moderne plattform
  • kostnader tenesteeigarane, primært Skatteetaten, Brønnøysundregistera og Statistisk sentralbyrå, har i samband med reetableringa på ny plattform
  • kostnader til avvikling av dagens Altinn

Det er dyrt å modernisere, men enda dyrare å la vere. Berekningar viser at å få nye Altinn på plass innan juni 2026 er samfunnsøkonomisk lønsamt, samanlikna med å realisere over ein lengre periode. Skulle vi utsett å stenge dagens Altinn ville det – mellom anna – gitt utgifter til parallell drift av to plattformer samstundes, sidan fleire tenester allereie er flytta til ny plattform. I tillegg ville tenestene på gammal plattform ikkje oppfylt krav til universell utforming, og risikoen for varige sikkerheitsbrot ville vore stor.

Fleire fordelar med nytt Altinn

Den aller viktigaste årsaka til at Noreg treng nye Altinn raskt er som nemnt behovet for stabilitet og sikkerheit når stadig fleire verksemder tar i bruk Altinn samstundes som talet på cyberangrep og truslar aukar dramatisk. Vi kan rett og slett ikkje risikere personopplysningar på avvege eller langvarig nedetid med store økonomiske konsekvensar for samfunnet.

Men ei ny og moderne Altinn-plattform har også andre fordelar – til dømes at

  • den vil vere enkel å vedlikehalde og vidareutvikle når passasjerane får nye behov, og dermed legge til rette for innovasjon.
  • den vil bestå av fleire sjølvstendige produkt som gjer at tenesteeigarane kan velje akkurat det dei har bruk for, og droppe resten – omtrent som når andre flypassasjerar veljer om dei skal bestille eitt eller fleire sete, og om dei har behov for å betale for mat og ekstra bagasje.
  • den vil legge til rette for gjenbruk og «samskaping»: Ved hjelp av enkel og open kode kan tenesteeigarane sjølv bygge nye skjema og tenester – og deretter dele dei med andre, som då slepp å starte på ny når dei treng ei lik eller liknande teneste. Det vil særleg vere ein fordel for mindre verksemder, som ikkje har store, eigne utviklingsavdelingar – og det er betre bruk av offentlege midlar fordi fleire ikkje treng å bruke ressursar på å utvikle nesten like tenester.

Samarbeid skal sørge for at flyet landar trygt

Vi i Digdir har tatt på oss oppgåva som pilot i programmet nye Altinn, og saman med dyktige kopilotar frå Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå og Brønnøysundregistera skal vi lande trygt, innan fristen 15. juni 2026.

Samstundes er vi bemanna med vår versjon av både luftfartsingeniørar, flymekanikarar og flyinstruktørar og andre som trengst for å planlegge og bygge det nye Altinn-flyet. Ved å samarbeide tett med og lytte til behova til noverande og framtidige passasjerar i offentleg og privat sektor, skal vi sørge for at flyet i størst mogleg grad tilfredsstiller deira ønsker og behov.

I eit så stort teknologisk utviklingsprosjekt som det vi er midt inne i, er det neppe til å unngå at det kjem til å verte litt turbulens undervegs. Men med godt samarbeid mellom passasjerar, bakkemannskap og kabinbesetning er vi rusta til å handtere det.

Altinn og bærekraft