Hopp til hovudinnhald

Universell utforming

I 2023 har tilsynet vist at digitale løysingar førebels ikkje er gode nok til å gi barn med nedsett funksjonsevne like moglegheiter til å delta på likeverdige vilkår i undervisning. Gjennom arbeidet med tilgjengelegheitserklæringar har offentleg sektor tatt store steg mot å få på plass systematisk arbeid med universell utforming på sine nettstader. I 2024 skal også tilgjengelegheitserklæringar for appar på plass.

Illustrasjon universell utforming

Digdirs mål

Digdir hadde tre mål for arbeidet med universell utforming av ikt i 2023.

Mål 1

Auka etterleving av regelverket

Resultat

  • Vi via heile året til eit sektortilsyn med opplæringssektoren for å sjå på korleis digitaliseringa påverkar elevane sin moglegheit til å delta på like vilkår i skulen. Vi gjennomførte tilsyn med nettstadane til 6 kommunar og 11 av dei mest brukte digitale læremidla. I tilsyna vart det avdekka brot på regelverket i alle sakene.
  • Løysing for tilgjengelegheitserklæring er tatt i bruk av 1253 offentlege verksemder som har produsert 6034 tilgjengelegheitserklæringar for offentlege nettstader. I 2023 ser vi at fleire har fått auka kunnskap om krava i regelverket og at mange verksemder har fått på plass betre prosessar for å følge opp krava. Med større modenheit kjem fleire og meir komplekse spørsmål og behovet for informasjon og rettleiing har auka kraftig.
  • Vi prioriterte informasjon om regelverket på uutilsynet.no, som hadde 276 000 besøk – 38 % fleire enn året før
  • 1734 fekk rettleiing, mot 799 i 2022 – ei auke på 117 %. Snitt på svartid vart redusert med over 60 %.

Prioriteringar og tiltak

  • I 2024 vil vi publisere våre funn frå sektortilsynet for å bidra til å utvide kunnskapsgrunnlaget for gode tiltak i opplæringssektoren for å sikre at alle elevar kan delta på like vilkår. Vi vil også fortsette å spreie kunnskapen på relevante arenaer i opplæringssektoren.
  • Vi vil bruke erfaringane frå sektortilsynet og tilgjengelegheitserklæringa til å fortsette å utvikle rettleiinga til verksemdene som skal etterleve regelverket. Vi vil også fortsette å prioritere å svare ut spørsmål frå verksemdene og nå ut til dei gjennom webinar og foredrag.
  • Vi må førebu oss på å handheve utvida og delt regelverk.

Oppnådd

Mål 2

Leiande fagorgan innan uu av ikt

Resultat

  • Vi har i samband med sektortilsynet gjennomført to kartleggingar i 2023. Oslo Economics har kartlagt marknaden for digitale læremiddel og kunnskapen om krava hjå kommunar og skuleeigarar, medan Proba har kartlagt foreldre og elevar sine erfaringar med digitale læremiddel. Resultat frå kartleggingane, tilsyna og vår kontakt med brukarorganisasjonar, bransje og kommunar vert oppsummert i sektortilsynsrapporten som vert lansert i februar 2024.
  • Vi har også vidareutvikla statistikksidene på uutilsynet.no med ny innsikt og statistikk på særleg utdanningsområdet.
  • Tilsynet deltok på ei rekke nettverk og faglege arenaer både i Noreg og Europa, kor tilsynet også leiar den strategiske rådgjevingsgruppa SAGA.

Prioriteringar og tiltak

  • Eit utvida regelverk for universell utforming, opptrapping av kontrollar og kraftig auke i rettleiingsbehovet utfordrar verksemda.
  • Vi forventar vidare kraftig vekst i talet på førespurnader om rettleiing.
  • Med handlingsplanen for digital inkludering som kom i 2023, vil det vere behov for koordinering og oppfølging av tiltak og vi vil i 2024 publisere eit vegkart for dette arbeidet.

Oppnådd

Mål 3

Eit datadrive digitalt tilsyn

Resultat

  • I 2023 fortsette tilsynet arbeidet med å digitalisere kontroll og tilsyn. Vi har også utvikla nye testreglar for alle krav i WCAG.
  • Samla inngår no dataplattform, løysing for tilgjengelegheitserklæring for nett og app, automatisert kontroll av tilgjengelegheitserklæringane og løysind for automatisert forenkla kontroll, samt it-støtte for inngåande kontroll i dei løysingane som er utvikla av tilsynet i prosjektet.
  • For 2023 og 2024 har vi fått støtte frå Medfinansieringsordninga til å utvikle it-støtte for tilsynsprosessen.

Prioriteringar og tiltak

  • Vi skal sluttføre arbeidet med datadrive digitalt tilsyn. Løysingane som omfattar dataplattform, automatisert løysing for forenkla kontroll og it-støtte for inngåande kontroll vert gjort klar for produksjonssetting.
  • Vi rullar ut løysing for tilgjengelegheitserklæring også for appar, og ser i tillegg på moglegheita for å utvikle ein leverandørportal saman med Sikt, Udir og KS slik at leverandørar til offentleg sektor kan legge sine data direkte inn i løysinga, noko som er estimert å spare offentleg sektor og leverandørane over 100 000 timar.
  • Hovudutfordringa er at drift og forvaltning av løysingane ikkje er finansiert i 2024 og vidare. Dette gjer at det er fare for at løysingane som er utvikla ikkje kan tas i bruk.

Oppnådd

Statistikk

Talet på spørsmål på e-post til tilsynet om rettleiing. Periode: 2020-2023

Talet på besøk på tilsynet sin nettstad, uutilsynet.no. Periode: 2019-2023

Blått ikon

Nødvendig for nokon

– bra for alle

Uu-tilsynet er tilsynsorgan for universell utforming av ikt i privat og offentleg sektor. Tilsynet har ei uavhengig rolle, men inngår i Digdir si verksemd. Visjonen om eit samfunn utan digitale barrierar er utleia av formålet med regelverket og støttar regjeringa sitt mål om ein ikt-politikk for verdiskaping og deltaking for alle.

Tilsynet har tre delmål.

  1. Delmål 1: Auka etterleving av regelverket
  2. Delmål 2: Leiande fagorgan innan universell utforming av ikt
  3. Delmål 3: Eit datadrive digitalt tilsyn

Resultat

Delmål 1: Auka etterleving av regelverket

Universell utforming sikrar at fleire vert inkluderte på digitale samfunnsarenaer. Det er framleis ein lang veg å gå for å sikre universell utforming og hindre digitalt utanforskap.

Utdanning er eit nøkkelgode og konsekvensen er stor for dei elevane som fell utanfor. Våre kartleggingar viser at det er stor bruk av digitale løysingar i skulen, men at det er stor variasjon kor godt digitale løysingar fungerer for elevar med og utan funksjonsnedsetting.

Teknologien gir nye moglegheiter for deltaking i skulen – særleg for elevar med nedsett funksjonsevne. Men digitale løysingar må vere universelt utforma for å hauste gevinsten for alle. I tilsyna med elleve digitale læremiddel og seks kommunale nettstader, fann vi brot på minstekrava til universell utforming av ikt i alle løysingane som vart testa. Det vil seie at minstekrav og kjernefunksjonalitet for elevar som treng at ikt-løysingane er universelt utforma, ikkje er innfridd. Dette er ei alvorleg barriere for at barn med nedsett funksjonsevne får den utdanninga dei har krav på. Alle resultata frå sektortilsynet blir presentert i ein sektortilsynsrapport i 2024.

Frist for å utarbeide tilgjengelegheitserklæring for nettstader var 1. februar 2023. I slutten av 2022 lanserte tilsynet ei obligatorisk, felles løysing, der offentlege verksemder vert leia gjennom eit skjema med tilhøyrande rettleiing om krava. Til saman har 1253 verksemder produsert 6034 erklæringar.

Vi kontrollerte til saman 23 offentlege verksemder om publisert erklæring for sine nettstader. Kommunane har lagt ned ein god jobb med erklæringa, og alle kommunane i landet har no ei tilgjengelegheitserklæring. Dette viser at både regelverket og kontrollane fungerer.

Behovet for rettleiing har også i 2023 auka kraftig, og besøket på uutilsynet.no som er tilsynets hovudkanal, meir enn dobla seg frå 2021. Informasjon om nye krav for offentleg sektor som følge av webdirektivet, med særleg vekt på tilgjengelegheitserklæringa, har høg prioritet.

Talet på spørsmål via epost til tilsynet auka kraftig frå 799 i 2022 til 1734 i 2023, ei auke på 117 %.

Behovet for rettleiing er stort og vi når mange gjennom foredrag, webinar, blogg og podkast. I 2023 heldt vi 39 foredrag og webinar og publiserte 15 blogginnlegg, derav tre podkastar. Inkluderingsrådet var ein podkast frå Digitaliseringskonferansen med Live Nelvik i samtale med NRK, Nav, Microsoft Norge og Norsk HelseNett. I Arendal leia Harald Eia debatt om digitalt utanforskap med statssekretær Gunn Kari Gjul, SINTEF, Otte, Netlife og Blindeforbundet. I tillegg har tilsynet produsert ein podkast med rettleiing om synstolking.

I 2023 retta vi dialogen med brukarorganisasjonane mot utdanning. Workshop med forlagsbransjen ga verdifull innsikt og innspel til vidare arbeid.

Vi har hatt 54 medieoppslag i 2023 i avis, TV og radio, mellom anna om gjennomførte tilsyn, digitalt utanforskap og tilgjengelegheitserklæring.

Sosiale media er ein viktig kanal for å skape merksemd om uu og digitalt utanforskap. Talet på tilsynets følgjarar aukar på Facebook, Instagram og LinkedIn.

Delmål 2: Leiande fagorgan innan universell utforming av ikt

I 2023 vidareutvikla vi statistikksidene på uutilsynet.no med analysar av data frå tilsyn i utdanningssektoren, tilgjengelegheitserklæringane og data om digital deltaking og utanforskap.

Tilsynet samarbeider med andre myndigheitsorgan som for eksempel Bufdir, Udir, HK-dir, Diskrimineringsnemnda, og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Vi samarbeider også internasjonalt gjennom deltaking i The Web Accessibility Directive Expert Group (WADEX) leia av EU-kommisjonen og Nordisk-Baltisk samarbeid (NOBAN) om handheving av EU-regelverk. Tilsynsdirektøren leiar SAGA - strategisk rådgjevingsgruppe for uu, etablert av CEN/CENELEC.

Vi utviklar nye og oppdaterer gjeldande testreglar, for å ta høgde for erfaringar frå handheving, nye framgangsmåtar og teknologiutviklinga for nettsider og appar.

Delmål 3: Eit datadrive digitalt tilsyn

For å kunne handheve utvida regelverk og trappe opp kontrollverksemda i tråd med regelverket, skal kontroll og tilsyn bygge på effektiv dataproduksjon og analyse. Løysing for tilgjengelegheitserklæring og dataplattform var første steget mot eit digitalt datadrive tilsyn. I 2023 har vi vidareutvikla tilgjengelegheitserklæringa til å omfatte appar og utvikla løysing for forenkla kontroll.

Tilsynet fekk i 2023 8 mill. kroner gjennom Medfinansieringsordninga for å utvikle fagsystemet Testlab 2.0, som skal vere ferdig sommaren 2024. Testlab 2.0 skal sørgje for effektiv samordning mellom ulike modular utvikla gjennom prosjektet Digitalt datadrive tilsyn, for å få eit system som følgjer opp kontrollar i eit stort volum.

Utfordringar

Digital støtte nødvendig for oppskalering av tilsynsverksemd

I 2024 vil tilsynet ferdigstille prosjektet med å utvikle it-støtte for det datadrivne digitale tilsynet. Dette inkluderer dataplattform, løysing for automatisert forenkla kontroll og statusmåling og it-støtte for meir effektiv gjennomføring av tilsyn og inngåande kontroll.

Når prosjektet er gjennomført, trengs ressursar til drift og forvaltning. Utan dette vil det ikkje vere mogleg å halde oppe løysinga for tilgjengelegheitserklæring eller ta i bruk it-støtta for å klare å oppskalere talet på tilsyn. Dette vil ta bort effekten og gevinsten av investeringa som er gjort i prosjektet, og tilsynet vil ikkje klare å handheve webdirektivet eller auke talet på tilsyn, slik målet er.

Oppfylling av internasjonale plikter

5. februar 2021 vart webdirektivet (WAD) innlemma i EØS-avtalen, og Norge er dermed folkerettsleg forplikta til å overhalde krava det set. Stortinget tok i mai 2021 direktivet inn i norsk rett.

WAD er del av EUs strategi for å utvikle den digitale indre marknaden. Tenester og innhald som blir publisert på nett og i appar skal slik bli meir tilgjengelege for brukarar, og målet er betre tilgang til digital informasjon frå det offentlege, som sikrar openheit, effektivitet og likebehandling. WAD set krav til at Noreg sender Kommisjonen rapport om resultat av kontrollar gjennomført etter direktivet og om gjennomføringa av handhevinga. Men førebels er det ikkje løyvd ressursar til å starte kontrollar etter WAD, og tilsynet har ikkje gjennomført kontrollar. Utan å få sett den ferdigutvikla it-støtta i drift, vil gjennomføring av kontrollar ikkje vere mogleg, og det vil ikkje vere grunnlag for å levere rapport til ESA som direktivet stiller krav om. Neste rapporteringsfrist er 23. desember 2024.

Portrett
Adil Hussain

"Å jobbe med universell utforming av ikt er eit viktig samfunnsoppdrag som motiverer meg kvar dag. Teknologi er grenseoverskridande, og det er spennande å kunne jobbe både nasjonalt og internasjonalt for å forebygge digitalt utanforskap."