Kommunikasjon
Vi vurderer måloppnåinga på kommunikasjon i 2023 som god. Bruken av kanalane våre auka, medieomtalen var høgare og fleire deltok på arrangementa til Digdir.
Digdir sine mål
Digdir hadde fire hovudmål for fagområdet kommunikasjon i 2023.
Mål 1
Vi tilbyr effektive og brukarorienterte digitale tenester som gjer det lett å gjere rett
Resultat
- Fleire nye rettleiarar som gjer det lett å gjere rett, mellom anna for ansvarleg bruk og utvikling av kunstig intelligens
- 20 prosent auke i bruken av digdir.no
- 28 prosent auke i bruken av uutilsynet.no
- Nedgang i bruken av altinn.no og norge.no
Pririteringar og tiltak
- Målet for 2024 er å samkjøre kanalane i Digdir i endå større grad, slik at det blir lettast mogleg for dei vi er til for å gjere rett
Oppnådd
Mål 2
Vi når fleire for mindre gjennom arrangement brukarane har nytte av og er nøgde med
Resultat
- Vi hadde fleire deltakarar på arrangementa våre, og deltakarane er meir nøgde enn før
- Bruken av Teams til webinarer, nettverksmøter og enklare arrangement auka
Prioriteringar og tiltak
- Digdir sine arrangement skal hjelpe verksemda vår å oppnå Digdir sine strategiske mål
- I 2024 er målet å løfte Digitaliseringskonferansen ytterlegare strategisk og som nettverksarena
Oppnådd
Mål 3
Vi bruker kommunikasjon til å utvikle og profilere Digdir
Resultat
- Digdir har hovudrolla i medieomtalen på prioriterte tema om digitalisering
- Uønska hendingar knytta til dei samfunnskritiske fellesløysingane drog ned medieskåren vesentleg
- Vi runda 20 000 følgarar på LinkedIn
Pririteringar og tiltak
- Vi vil fortsette den forsterka innsatsen på strategisk kommunikasjon, spesielt knytt til premissgivarrolla
- Vi vil styrke kommunikasjonsinnsatsen rundt moderniseringa av Altinn vesentleg
Oppnådd
Mål 4
Vi fremmar klart språk
Resultat
- Redusert kapasitet i 2023
- Rekordstor deltaking på Klart språk 2023, kor vi delte ut klarspråkprisane
- Fleire verksemder har brukt og fått erfaringar med rettleiinga for klart språk i utviklinga av digitale tenester
Prioriteringar og tiltak
- Vi vil rette innsatsen mot å få fleire verksemder til å bruke klart språk til å skape betre og meir brukarorienterte digitale tenester
Delvis oppnådd
Fakta
om sosiale medier og Brukarrådet
på Linkedin, mot 14 725 i 2022 og 10 093 i 2021
på Brukarrådet i 2023, ein liten nedgang mot rekordåret 1335 i 2022
Utvikling i bruk av utvalde nettstader 2020-2023
2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|
Digdir.no | 358 779 | 607 929 | 602 209 | 727 554 |
Samarbeidsportalen (samarbeid.digdir.no) | 115 000 | 105 870 | 172 861 | 196 402 |
Uutilsynet.no | 98 583 | 133 448 | 200 111 | 276 089 |
Medieomtale fordelt på Digdir sine fire roller 2020-2023
2023 | 2022 | 2020 | |
---|---|---|---|
Premissgivar | 39,6 % | 38,61 % | 43,52 |
Leverandør | 40,3 % | 39,79 % | 22,93 % |
Iverksettar | 12 % | 17,03 % | 27, 45 |
Tilsyn | 7,9 % | 4,21 % | 6,08 % |
Mål
Digdir hadde fire operative delmål for fagområdet kommunikasjon i 2023:
- Vi tilbyr effektive og brukarorienterte digitale tenester som gjer det lett å gjere rett
- Vi når fleire for mindre gjennom arrangement brukarane har nytte av og er nøgde med
- Vi brukar kommunikasjon til å utvikle og profilere Digdir
- Vi fremmar klart språk
Resultat
Delmål 1: Vi tilbyr effektive og brukarorienterte digitale tenester som gjer det lett å gjere rett
Som i fjor varierte utviklinga i besøkstal på nettstadene til Digdir i 2023 i begge retningar. Digdir.no hadde ei auke i besøk på litt over 20 %. Sidetreffa på altinn.no gjekk vidare ned, frå 105 millionar til 92 700 000. Bruken av noreg.no gjekk ned med 23 prosent. Nedgangen dei siste åra kan skuldast at ein del informasjon på norge.no ikkje lenger har same aktualitet som under pandemien. Antall brukarøkter på hjelpesidene til ID-porten er ganske jamt med fjorårets besøk. Prosjektveiviseren gjekk ned nesten 25 %.
Uutilsynet.no auka igjen trafikken, og hadde heile 38 % fleire besøk i 2023 enn året før, med mange treff på rettleiing knytt mot tilgjengelegheitserklæring. På Samarbeidsportalen har mellom anna overgang til nye ID-porten generert mykje trafikk til informasjon og webinar, som gir ei auke i besøkstal på nær 14 %.
Delmål 2: Vi når fleire for mindre gjennom arrangement brukarane har nytte av og er nøgde med
I 2023 var aktiviteten enda høgare enn i 2022 og vi nådde endå fleire. Tilfredsheita til deltakarane på Digitaliseringskonferansen steig frå 4,5 til 5 på ein skala frå 1-6 frå 2022 til 2023. På Brukarrådet steig talet frå 4,8 til 5.
Digdir gjennomførte 115 arrangement i 2023, ei stor auke frå dei 75 arrangementa vi hadde i 2022. Vi registrerte 11 244 påmelde deltakarar i 2023, som også er ein betydeleg auke frå dei 8 843 påmelde i 2022. Det reelle talet er likevel høgare begge åra, sidan mange arrangement hadde open lenkje og fleire enn dei påmelde kunne delta.
Digitaliseringskonferansen hadde 885 deltakarar i 2023, litt fleire enn dei 805 deltakarane vi hadde i 2022. Brukarrådet vart igjen gjennomført digitalt og hadde 1 279 deltakarar, som er nokre færre enn 1 335 året før. Teams blir framleis mykje brukt til nettverksmøter og arrangement, og vi har framleis meir- og etterbruk av arrangementa våre gjennom opptak. Vi samarbeidde godt med DFØ om felles konferansesenter og studio.
Delmål 3: Vi brukar kommunikasjon til å utvikle og profilere Digdir
Medieomtalen var noko høgare enn i 2023, medan medieskåren gjekk ein del ned, primært grunna mange medieoppslag sommaren 2023 om "meldingssakene" i Altinn. Det var ingen feil i Altinn, men erfaringvis har hendingar knytt til fellesløysingane stor innverknad på medieskåren. Medieskåren for 2023 viser ei svak auke når vi held meldingssakene utanfor. Elles er det langt meir positiv enn negativ omtale om Digdir. Midlar til digitaliseringsprosjekt, rettleiing om universell utforming og utspel om finansiering av digitalisering i offentleg sektor er blant temaa som får positiv omtale. Vi ser også at det siste er eit tema som får meir merksemd, og at Digdir er den offentlege aktøren som er klart mest nemnt eller sitert i desse sakene. I 2023 styrka vi innsatsen på strategisk kommunikasjon knytt til premissgivarrolla spesielt.
Nyheitsbrevet er ein viktig kanal for oss. Talet på abonnentar auka frå 8 987 i 2022 til 9 731 i 2023. LinkedIn er den største sosiale kanalen til Digdir, med rask vekst frå 7 803 følgarar i etableringsåret 2020, 10 093 i 2021, 14 725 i 2022 og nær 20 000 ved slutten av 2023. På dei mindre brukte kanalane Facebook, Twitter/X og Instagram hadde vi 2 045, 1 912 og 1068 følgarar ved årsskiftet. Vi publiserte 21 tekstlege blogginnlegg, videobloggar og podcastar på Digitaliseringsbloggen, mot 20 i 2022.
Delmål 4: Vi fremmar klart språk
2023 var prega av noko lågare kapasitet på nøkkelressursar. Likevel ser vi at fleire verksemder har gjort seg erfaringar med rettleiinga for bruk av klart språk i utviklinga av digitale tenester, som var hovudmålet for året. Vi deltok også i arbeidet til Digdir med å forbetre begrepa i Begrepskatalogen.
Arrangementet Klart språk 2023 med utdeling av klarspråkprisane for stat og kommune er eit samarbeid mellom KS, Språkrådet og Digdir. Arrangementet fekk eit stort løft i 2023, med 1 334 påmeldte mot 320 i 2021. Ca. 100 deltok fysisk. Deltakarane hadde meir variert bakgrunn enn tidlegare år. Miljødirektoratet og Sunnfjord kommune vann prisane.
Utfordringar
Digdir har ikkje fått prioritert ein felles kanalstrategi som sikrar at brukarane våre opplever nett-tenestene som heilskaplege. Den framtidige rolla og potensialet til dei to noverande portalane for næringslivet og innbyggarane, altinn.no og norge.no, er ikkje avklart.
I tråd med nye politiske signal frå ny regjering har Digdir redusert bruken av konsulenttenester på kommunikasjon. Det har auka presset på eigenproduksjon og intern kompetanse.
For at Digdir skal ivareta samfunnsoppdraget, er vi avhengige av å nå endå betre ut med våre faglege råd, status og analysar, spesielt i rolla som premissgivar.
Prioriteringar og tiltak
I 2024 er målet å få utvikla ein felles kanalstrategi for Digdir sine kanalar.
Vi vil halde fram det målretta arbeidet med å styrke medieskåren generelt og Digdir som premissgivar på prioriterte område i samfunnsdebatten spesielt. Kontinuerleg forbetring av arrangementa våre, ikkje minst Digitaliseringskonferansen, er ein del av dette arbeidet.
Vi vil ruste opp kommunikasjonsinnsatsen i arbeidet med å modernisere Altinn.
Målet er å få stadig fleire offentlege til å bruke klart språk som del av det tverrfaglege arbeidet i digitaliseringa, mellom anna ved å auke bruken av og vidareutvikle rettleiinga.
Utvikling i bruk av nettstader 2020-2023
Nettstad | 2020 | Endring 20-21 | 2021 | Endring 21-22 | 2022 | Endring 22-23 | 2023 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
ID-porten sine hjelpesider | 3 058 513 | 0,8 % | 3 083 066 | -31,8 % | 2 102 635 | 1,5 % | 2 133 455 |
Noreg.no | 1 749 876 | 40,7 % | 2 462 147 | -10,8 % | 2 197 044 | -23,1 % | 1 689 369 |
Digdir.no | 358 779 | 69,4 % | 607 929 | -0,9 % | 602 209 | 20,8 % | 727 554 |
Altinn.no | 65 836 829 | 3,8 % | 68 324 185 | -12,0 % | 60 159 895 | -31,0 % | 41 483 599 |
Prosjektveiviseren.no | 123 550 | 2,9 % | 127 072 | -11,3 % | 111 482 | -24,6 % | 84 047 |
Samarbeidsportalen | 115 000 | -7,9 % | 105 870 | 40,3 % | 172 861 | 13,6 % | 196 402 |
Uutilsynet.no | 98 583 | 35,4 % | 133 448 | 50,0 % | 200 111 | 38,0 % | 276 089 |
"Eg er spesielt stolt av å jobbe med den pågåande moderniseringa av Altinn. Eit prosjekt som er heilt nødvendig for å halde Noreg i gang! Det blir veldig gøy å vere med på fortsetjinga."