Hopp til hovudinnhald

Kapittel 5: Vurdering av framtidsutsikter

I vurdering av framtidsutsikter kan du lese Digdir si vurdering av trendane, utfordringane, moglegheitene og endringsbehova vi ser på digitaliseringsområdet framover. Du får også innsikt i korleis vi vil jobbe for å ruste Digdir for kommande utfordringar og oppgåver.

Det digitale Noreg

​Kva drivkrefter og teknologiske trendar vil påverke det norske samfunnet fram mot 2030? Korleis skal vi sikre velferdsstaten i framtida når inntektene går ned og utgiftene opp – ved å utnytte moglegheitene digitaliseringa gjer oss? Og kva handlar digitalisering eigentleg om for deg og meg i åra som kjem?

"Du vinn ikkje eit val med å snakke om digitalisering". Det sa mange politikarar på Arendalsuka i 2023. Kvifor er det slik, når digitalisering handlar om å sikre velferdsstaten, gjere kvardagen enklare for vanlege folk – og løyse dei store samfunnsutfordringane?

Digitalisering handlar om korleis vi ønskjer at det norske samfunnet skal vere når eldrebølga kjem og oljeinntektene synk. Det handlar om å gjere kvardagen enklare for etterlatne som står midt i sorga. For den næringsdrivande som skal skape nye verdiar for samfunnet. For mora med eit alvorleg sjukt barn som brukar 19 timar i veka på å finne fram i systemet, når ho treng krefter til å ta seg av barnet sitt. Digitalisering handlar om å frigjere tid og pengar tilsvarande fem milliardar kroner – kvart år framover, for at Noreg skal kunne tilby same velferdsnivået som vi har i dag.

Digitalisering handlar om å løyse dei store utfordringane som ligg føre oss. Om å redde klimaet og klare det grøne skiftet. Om å kutte unødvendige offentlege utgifter og effektivisere oppgåver som gjer ting enklare for både tilsette og innbyggjarane. Digitalisering handlar om å skape tryggleik for folk i ei verd som vert farlegare og farlegare. Digitalisering handlar om å verne demokratiet og tilliten til det offentlege.

Digitalisering handlar ikkje om kald teknologi. Digitalisering handlar om samfunnet og framtida vi skal skape.

Desse drivkreftene og teknologiske trendane vil påverke det norske samfunnet fram mot 2030

Verda er i endring. Kva slags drivkrefter og trendar kjem til å møte oss? Digdir har beskrive dei viktigaste vi må planlegge med i åra framover. Dei inneber både utfordringar og moglegheiter. Her presenterer vi eit lite samandrag:

Makt: Demokratiet er under press

I heile verda blir grunnleggjande demokratiske rettar, liberale verdiar og menneskerettar utfordra. 70 prosent av befolkninga i verda levde i eit ikkje-demokratisk land i 2021, ei dramatisk auke frå 49 prosent i 2011. Samstundes har ikkje-demokratiske land fått meir makt og innverknad internasjonalt. Falske nyheiter og nettsider har eksplodert. Kunstig intelligens gjer det vanskelegare å skilje mellom sant og usant, og kva som er skapt av menneske og maskiner. Teknologi blir brukt til å forvirre offentlegheita i politiske saker.

Økonomi: Tøffare tider i vente

Fram til 2032 forventar vi ein utgiftsvekst i folketrygda på 92 milliardar kroner. Vekst i alderspensjonsutgifter er den sterkaste drivaren av veksten. Offentlege utgifter utgjer 60 prosent av BNP, høgare enn i noko anna OECD-land.

I Noreg har vi gjennom to tiår vorte vande med at det finst store midlar til finansiering av nye tiltak, utan at andre utgiftspostar blir nedprioriterte. Framover må vi i stadig større grad omprioritere og kutte utgifter.

Framover vil deling av ressursar på tvers bli viktigare. EU satsar stort på innovasjon og digitalisering. Noreg vil ha behov for 40.000 fleire sysselsette med IKT-kompetanse i 2030, samanlikna med 2019. SSB bereknar eit underskot på helsepersonell på nesten 70 000 årsverk i 2040. Det trengst også arbeidskraft for å støtte det grøne skiftet.

Menneske: Tilliten til digitale tenester blir utfordra

Forventningane til gode og samanhengande offentlege tenester aukar. Store internasjonale selskap ligg i front med å tilby innbyggjarane smarte tenester. Dermed aukar forventningane òg til det offentlege tenestetilbodet. Algoritmar og ny teknologi gjer persontilpassing mogleg.

Tempoet i digitalisering kan gi næring til bekymring, frykt eller mistru hos innbyggjarane. Digitalt sårbare har lågare tillit til styresmaktene og digitale tenester.

Delen unge uføre i Noreg aukar. Den årlege samfunnsøkonomiske kostnaden ved tidleg utanforskap er 73 milliardar kroner i året.

Klima – Vindauget for omstilling smalnar

Det hastar med å få til utsleppskutt. Barn fødd i 2020 vil oppleve opptil sju gonger auke i ekstreme vêrhendingar og tilhøyrande helsefarer, samanlikna med personar fødd i 1960. Klimaendringar og krigshandlingar vil òg tvinge fleire menneske på flukt.

Digitale teknologiar kan spele ei nøkkelrolle i vegen til lågutsleppssamfunnet. Elektrifisering av transportsektoren, overgang til fornybar energi, energieffektivisering og presisjonsjordbruk med meir effektiv vatning og gjødsling kan auke produktivitet og kutte utslepp. Digitale teknologiar gjer det mogleg å overvake utslepp og optimalisere trafikkflyten for å avgrense kø og forureining.

Digitaliseringa aukar også utslepp: den treng mineralar, kopar, kablar, datasenter, regnekraft og arbeidskraft. Energiforbruket til ikt aukar åtte gonger fortare enn global energiproduksjon. IT-utstyr, datasenter og digitale nettverk står allereie for rundt 10 % av det globale energiforbruket. Kunstig intelligens er ein svært energi- og ressurskrevjande teknologi.

Teknologi – Omgir oss på godt og vondt

Kunstig intelligens inntek og overtek stadig fleire område og kan løfte digitaliseringa til eit nytt nivå. Generativ kunstig intelligens åleine er venta å kunne bidra til produktivitetsvekst innan ulike område som forsking, pasientbehandling og kundeservice på 1,5 prosentpoeng over ti år. Samtidig vil teknologien komme tettare på oss.

Den aukande digitaliseringa vert møtt av ei reguleringsbølgje frå EU: heile 30 nye digitale lover på veg frå EU til Noreg. Då EU vedtok GDPR i 2018, fekk det store følgjer for Noreg. Det vil legge sterke føringar for norsk digitaliseringspolitikk.

Ifølgje NSM har talet på tenestenekt-angrep seksdobla seg det siste året.

Figur: person og robot håndhilser

Angrepa blir drivne av russiske «hacktivistar» motiverte av Noregs støtte til Ukraina. Digitale angrep kan utgjere stor skade for kritisk infrastruktur som vassforsyning, olje- og gassproduksjon, straumforsyning og velferdsteknologi. Snart vil kunstig intelligens som utfordrar evna til å skilje ekte og falskt innhald bli brukt i påverknadsoperasjonar mot Noreg. Kripos anslår at generativ kunstig intelligens fører til auka cyberkriminalitet, både i omfang og kvalitet.

Riksrevisoren: Digitalisering er ei fundamental samfunnsutfordring

Oppgåva til riksrevisoren er å passe på at vi bruker offentlege midlar riktig – og best mogleg. I 2023 slo han alarm. Han slo fast at vi må ta sterkare styring over digitaliseringa:

"Departementa jobbar sektorvis. Regelverket er sektorvis. Og, prioriteringane blir gjorde sektorvis. Men, vi kan ikkje digitalisere sektorvis. Viss det er eitt fellestrekk som blir beskrive i rapportane frå Riksrevisjonen, så er det mangel på samordning. Ulike sektorar som alle er nødvendig for å skape gode løysingar, samarbeider ikkje godt nok. For digitalisering er dette fundamentalt."

På DFØ sin årskonferanse Ein betre stat i januar 2024 kalte Riksrevisoren dette for ei fundamental samfunnsutfordring.

Det er ikkje lenger tid for frivilligheit.

Riksrevisoren sin bodskap er heilt på linje med råda Digdir har gitt og har spelt inn til den nye digitaliseringsstrategien: Skal vi lukkast med digitaliseringa, må vi stille krav til samordning. Samordning på tvers av sektorar og verksemder vil kreve betydeleg autoritet og kraft. Ifølge riksrevisoren må den nye digitaliseringsministeren få og ta autoriteten som trengs for å ta ei tydelegare koordineringssrolle. Den nye strategien må stille krav til at sektorinteresser må vike for fellesløysingar og overordna prioriteringar. Felles standardar må avløyse skreddarsaum i kvar verksemd og sektor.

Riksrevisoren teiknar eit klart bilete: Samordninga kan berre skje på aller høgaste nivå. Vi må ville bruke nødvendig styring for å oppnå det samfunnet vi ønsker. Det vil krevje sterk og visjonær leiing.

Det er ikkje lenger tid for frivilligheit, slår riksrevisoren fast.

Ny digitaliseringsstrategi: vegen mot 2030

I 2023 lanserer regjeringa ein ny digitaliseringsstrategi. Den skal gi retninga for digitaliseringa. Råda frå Skate og Digdir til kva strategien bør leggje vekt på, samsvarar godt med det riksrevisoren etterlyser.

Skate understrekar i sitt innspel at digitaliseringsstrategien må sette retning og overordna mål på tvers av sektorar og nivå. Den bør vidareføre det likeverdige samarbeidet mellom statleg og kommunal sektor, som i dagens digitaliseringsstrategi. Strategien må identifisere kva som bremsar oss og korleis vi kan fjerne hinder mot digitalisering og samarbeid.

Skate trekker fram tre råd:

  1. Styring og finansiering må støtte samarbeid

    Offentleg sektor må styrast på ein måte som reflekterer behovet for heilskapleg digitalisering og samanhengande tenester på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Styringa og finansieringa må understøtte dette. Leiarar i dei underliggjande etatane i staten bør i større grad bli styrt på samarbeid, til dømes ved at tildelingsbrevet for verksemdene vektlegg resultat og effekt av felles innsats. Styringa til departementa må ta vare på tverrgåande prioriteringar og leggje til rette for at verksemdene kan prioritere samarbeid. Finansieringssystemet blir ikkje brukt i tilstrekkeleg grad på ein måte som stimulerer til tverrsektorielle satsingar. Digitaliseringsstrategien bør gi tilrådingar om kva som er gode finansieringsmekanismar tilpassa produktorientering og smidig utvikling. Det kan òg vere nyttig å sjå på nye løysingar for gevinstrealisering når investeringa skjer i ei verksemd, medan gevinstane kjem i ein annan. Det er viktig å ta høgde for at gevinstane kan ligge hos innbyggjar eller vere av ein kompleks samfunnsøkonomisk karakter som er vanskeleg å realisere i kvar enkelt verksemd.

  2. Tilpass regelverket til ein digitalisert tidsalder

    Gode intensjonar om digitalisering støyter ofte på hindringar i lover og forskrifter. Desse er gjerne sektorspesifikke. Samtidig er det liten tradisjon for å sjå regelverk i samanheng på tvers. Å fjerne hindera kan vere tidkrevjande og tungt. Vi veit det meir effektive og heilskaplege prosessar for regelverksendringar har stor verdi. Siktemålet bør vere eit digitaliseringsvenleg og teknologinøytralt regelverk kor unødvendige hindringar er fjerna. Det vil gjere det lettare å ta i bruk ny teknologi, som kunstig intelligens. EU har komme langt på dette feltet. Det er viktig at vi følgjer regelverksutviklinga i EU tett.

  3. Bruk felles infrastruktur på tvers av alle sektorar

    Ein føresetnad for å lykkast med omstillinga til eit meir digitalt samfunn, er ein velfungerande felles digital infrastruktur. Ein felles digital infrastruktur må bestå av nasjonale fellesløysingar og ein nasjonal arkitektur. Fellesløysingane løyser felles behov og kan gi store gevinstar fordi vi slepp å utvikle våre eigne løysingar og system kvar for oss. Dei kan òg gjere tenester gjenkjennelege på tvers av etatar og sektorar, som innlogging på offentlege tenester via ID-porten er eit døme på i dag.

Skate meiner vi må sørge for at fellesløysingane held fram med å gi verdi. Undersøkinga «IT i praksis» viser at tilfredsheita med fellesløysingane fell. Det kjem truleg av at fellesløysingane ikkje blir vidareutvikla i takt med at brukarane, ulike private og offentleg verksemder, får nye behov. Når vi byggjer ein ny skule, held det ikkje å setje av pengar til sjølve byggjeprosessen. Det kostar òg pengar å drifte skulen, halde den ved like og bygge om når nye behov oppstår. Slik er det med dei digitale fellesløysingane òg. Tryggleik og funksjonalitet må takast vare på kontinuerleg. Teknisk gjeld og utdaterte system som ikkje snakkar saman er ein trussel mot informasjonstryggleiken og effektiviteten i forvaltninga. I tillegg treng vi sterkare insentiv for at fleire verksemder skal bidra til å etablere nye fellesløysingar og bruke fellesløysingane som allereie finst.

Dagens strategi har som mål at kommunale og statlege verksemder byggjer tenestene sine i eit felles digitalt «økosystem». Ei utfordring er at dette økosystemet ikkje heng godt nok saman med økosystem i dei ulike sektorane. Det gjer samarbeid og kommunikasjon på tvers vanskeleg.

Digdir sine råd: frivilligheit og mangel på styring kostar dyrt

Digdir har òg gitt tre råd som samanfell godt med – og utdjupar – Skate og riksrevisoren sine innspel. Digdir meiner at digitaliseringsstrategien må:

  1. vere forpliktande på tvers av alle sektorar
  2. omhandle nødvendige, strukturelle endringar
  3. utnytte potensialet i EU sin digitaliseringspolitikk

Digdir følgde opp råda med eit utdjupande innspel i desember 2023. Der tek vi opp strukturelle hindringar for digitalisering. Eit døme er at det manglar effektive mekanismar for å ta vare på tverrgåande behov i budsjettprosessen. Årlege budsjettprosessar gir uvisse for prosjekt som krev innsats over tid. Prosessane for kvalitetssikring av satsingsforslag skal sikre samfunnsøkonomisk lønnsemd i kvart enkelt prosjekt eller internt i eigen sektor, men han sikrar ikkje at den tverrgåande porteføljen samla sett blir så økonomisk lønnsam som mogleg.

Når like behov ikkje blir løyst i fellesskap, blir det utvikla eigne «lokale» løysingar i etatar og sektorar som resulterer i auka kompleksitet for brukarane av tenestene og auka kostnader for offentleg sektor. Eit døme på dette er fullmakts- og representasjonsløysingar. Eit felles behov som har vore kjent i årevis, utan at vi har klart å utvikle ei felles løysing. Dei som utviklar ei løysing som kan delast, eller legg til rette for å dele data, blir ofte sitjande med kostnaden, medan gevinstane kjem andre stader. Det manglar insentiv for deling og samarbeid. Resultatet er ofte at vi bruker meir pengar og ressursar i ulike verksemder og sektorar på å lage eigne løysingar som ikkje løyser heile behovet for alle, ofte til ein langt høgare totalkost.

Kva slags tverrgåande styringsmekanismar treng vi?

Vi må i større grad enn i dag samle og koordinere ressursane og initiativa. Berre slik kan vi handtere dei store samfunnsutfordringane i fellesskap, slik Noreg har gjort for forsvar og samferdsel. Det er behov for strategiske prioriteringar som sikrar at midlar går til område som gir størst gevinst for samfunnet, og samstundes hindrar parallelle løysingar. Vi meiner at Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) og Digdir må få større handlingsrom og betre moglegheit til å få oversikt over heilskapen på tvers av sektorar. Med strategien må det følgje verkemiddel som støttar opp under den tverrgåande samordningsrolla departementet skal ha på digitaliseringsfeltet.

Ein ny styringsmodell for tverrgåande digitalisering må gi DFD og Digdir ei sterkare samordningsrolle, der finansielle, juridiske og andre verkemiddel heng saman. Den nye digitaliseringsstrategien bør følgjast av handlingsplanar og vegkart som legg vekt på

  • ei systematisk oversikt over mål og prioriteringar for tverrgåande digitalisering, inkludert korleis vi skal utvikle og vidareutvikle digitale (felles-)løysingar av nasjonal viktigheit.
  • mekanismar som sørgjer for at Noreg får ein samfunnsøkonomisk lønsam portefølje av digitaliseringsprosjekt
  • ei styring og finansiering av digitaliseringa i offentleg sektor som sikrar interessene til fellesskapet og samanhengande og inkluderande tenester for brukarane
  • eit løft for arbeidet med digitaliseringsvenleg regelverk, der departementa samordnar arbeidet på feltet. I tillegg bør vi ha ei meir proaktiv tilnærming for å påverke EU sitt arbeid med regelverk og politikkutforming på digitalisering.

Slik rustar vi Digdir for samfunnsoppdraget vårt

I åra framover gjennomfører Digdir to av dei mest komplekse it- og moderniseringsprosjekta i offentleg sektor. Vi skal også styrke rolla som premissgivar og fagdirektorat – under krevjande rammevilkår. Sjølv om store og naudsynte utviklingsoppgåver vil krevje høg prioritet og stor kraft dei neste åra, må Digdir samstundes klare å ta rolla som trengs for å oppnå effektiv og samordna digitalisering av samfunnet. Det er samfunnsoppdraget vårt.

Forventningane til Digdir er store. Vi må ruste oss for nye og ukjende oppgåver i kjølvatnet av den nye digitaliseringsstrategien som skal stå klar i 2024. Digdir må vere ein tydeleg, konstruktiv og modig fagleg premissgivar for digitalisering, og vi må vise moglegheitene meir heilskapleg styring og finansiering av digitaliseringsinnsatsen gir Noreg.

Svaret er ikkje mindre, men betre digitalisering.

Modernisering av samfunnskritiske fellesløysingar vil krevje mykje

Moderniseringa av Altinn og ID-porten er krevjande for Digdir og utfordrar kapasitet og rammer. For å starte arbeida, har det vore naudsynt med interne omprioriteringar. Det har gitt store konsekvensar for andre delar av porteføljen til Digdir.

Fellesløysingane er attraktive mål for avanserte langvarige angrep frå statlege trusselaktørar. Uønska hendingar og nedetid vil verke inn på nær sagt heile den norske offentlege digitale forvaltninga. Utrekningar utført av PwC viser at nedetid for ID-porten i ei veke vil koste samfunnet over 120 millionar kroner.

Trusselbiletet og teknologiskiftet krev at Digdir rustar opp og set i verk tiltak for å oppretthalde tilstrekkeleg sikkerheitsnivå. Bruken av fellesløysingane er meir enn tidobla sidan 2016. Veksten held fram. Det aukar presset på løysingane og forvaltningsorganisasjonen til Digdir vesentleg. Moderniseringa av ID-porten og Altinn er heilt sentral for meir enn 12 000 offentlege digitale tenester. Dei nye løysingane vi byggjer for Altinn og ID-porten gjer oss rusta til å møta utfordringane i framtida, men det krev også ei forsterking av drifts- og forvaltningsorganisasjonen for å dra nytte av investeringa. Tiltaka omhandlar å auke både kapasiteten og kompetansen for å møte behova og det nye trusselbiletet.

Ekstraoppgåvene kjem i tillegg til dei ordinære oppgåvene

I tillegg til desse tunge ekstraoppgåvene, skal vi halde fram arbeidet med å utvikle samanhengande tenester og eit digitalt tilsyn for universell utforming av IKT, fremje deling og bruk av data – og rettleie offentleg sektor i korleis dei kan bruke og utvikle kunstig intelligens – for å nemne nokre få område. Digdir vil få ansvaret for å «omsetje» ei bølgje av nytt regelverk frå EU på desse områda i åra framover. Det krev langt større innsats enn tidlegare, spesielt på det juridiske.

Summen av oppgåvene og forventningane er utfordrande for Digdir. På enkelte område, som på universell utforming, vil vi ha utfordringar med å etterleve lovpålagde oppgåver. Det betyr at vi, i tett dialog med vår oppdragsgjevar, må gjere tydeleg utfordringar og moglegheiter, prioritere hardt og spisse innsatsen mot det som gir mest verdi. Vi må halde fram med å utnytte potensialet i kraftpakken av verkemidla til Digdir ved å sjå verksemda vår mest mogleg i samanheng.

Den nye digitaliseringsstrategien vert den nye marsjordren til Digdir

Ein viktig del av jobben som premissgivar er å gi tydelege råd til regjeringa. Det har vi gjort. Vi forventar at vegvala og nye ambisjonar i den nye digitaliseringsstrategien får direkte konsekvensar for Digdir si verksemd. Vårt håp er at den nye digitaliseringsstrategien gjer digitaliseringsministeren og Digdir mandatet og verktøya vi treng for å kunne levere på det fantastiske samfunnsoppdraget vårt.

For digitalisering handlar ikkje berre om kald teknologi. Digitalisering handler om å sikre velferdsstaten. Digitalisering handlar om å skape eit enklare samfunn for ekte menneske, der alle kan delta og innbyggjarane har tillit til det offentlege.

Digitalisering handlar om å frigjere tid til det viktigaste.