Felles økosystem for digital samhandling og tenesteutvikling
Vi bruker ordet "økosystem" for å forklare korleis alt heng saman med alt i naturen. Samanlikninga med digitalisering er openberr.
Vi kan lære mykje av økosystemet i naturen, og korleis dei levande organismane utnyttar alle ressursane i miljøet dei lever i. Vi kan nytte tanken om økosystem for å skildre korleis vi kan samarbeide, samhandle og dele dei digitale ressursane. Difor snakkar vi om eit felles økosystem for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling.
For å skape auka verdiar for samfunnet og sikre ein betre kvardag for meg og deg, må vi samordne oss og samarbeide om digitaliseringa av Noreg. Vi må jobbe smidigare, smartare og meir berekraftig med digitalisering. Vi må dele på ressursane og sikre samhandlingsevne.
Kva er felles økosystem?
Felles økosystem skal bidra til at vi evnar å samarbeide, samhandle og dele på tvers av sektorar, fagområde og bransjar. Dei nasjonale arkitekturprinsippa set viktige premissar for felles økosystem, i tillegg har vi felles rammevilkår som styring, finansiering og regelverk og ei rekkje felles løysingar, rettleiingar og standardar. Vi kan hente ut store gevinstar ved å tenkje heilskapleg og dele, og unytte desse felles ressursane framfor å digitalisera kvar for oss.
Heilskapleg digitalisering er kjerna i Digdir sitt samfunnsoppdrag
Dersom vi skal makte å utvikle gode, digitale tenester, må vi sjå heilskapen og forstå korleis tenestene heng saman sjølv om det er mange aktørar involvert. Her kjem felles økosystem for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling inn.
Felles økosystem skal bidra til auka deling av data, at vi kan bruke fellesløysingar og tekniske plattformer på nytt, og at vi aukar samhandlingsevna ved å følge dei nasjonale arkitekturprinsippa, nyttar felles standardar og følger beste praksis.
Digdir har ei viktig oppgåve med å bidra til at vi utviklar felles økosystem. Identifisere behov for fellesløysingar og andre ressursar som ikkje er dekka i dag. Sikre rammevilkåra som trengst. Slik kan vi enklare utvikle brukarretta, samanhengande, sikre og effektive digitale tenester.
Samhandling er ein føresetnad for å skape éin digital offentleg sektor
I økosystemet for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling samarbeider statlege, kommunale, private og frivillige organisasjonar – om å utvikle brukarvenlege tenester som heng saman. Forvaltningsnivåa må samarbeide for å løyse juridiske, organisatoriske, semantiske og tekniske problemstillingar. Skal felles økosystem fungere godt, må det legge til rette for riktig organisering, finansiering og regelverk.
To døme på felles behov vi allereie har identifisert, er eID for alle og ei fullmaktsløysing. Dei to vil løyse utfordringar i fleire av livshendingane. Digdir jobbar saman med Skate og andre for å identifisere og ha oversikt over framtidige behov i felles økosystem.
God samhandlingsevne er nødvendig for å nå dei enkelte verksemdene og regjeringa sine mål om digitalisering. For å oppnå dette, er det viktig med god samhandlingsarkitektur som legg til rette for at verksemder kan samhandle og bruke informasjon på nytt frå andre. Eit viktig mål er at økosystemet skal gjere det mogleg å lage samanhengande tenester, medrekna dei sju livshendingane regjeringa har prioritert fram mot 2025.
Digdir er ein arbeidsplass der ein aldri sluttar å lære. Det kan vere utfordrande, men først og fremst utviklande og gøy. Teamet mitt jobbar for at vi skal forvalte, dele og bruke data i offentleg sektor betre som ein felles ressurs.