Hopp til hovudinnhald

Leiinga

Frode Danielsen er direktør for Digdir. Leiargruppa består av avdelingsdirektørane for fire fagavdelingar og tre stabs- og støtteområde. Tilsynet for universell utforming av ikt har ei særskilt uavhengig rolle, men tilsynsdirektøren er ein del av leiargruppa.

Direktør Frode Danielsen

Frode Danielsen

Direktør

Frode Danielsen har jobba med nasjonale fellesløysingar i 15 år, der han mellom anna har hatt ei sentral rolle i å bygge opp eit sterkt og leveransedyktig forvaltningsmiljø for løysingane. Danielsen er jurist frå Universitetet i Bergen.

Nina Olsen Munthe

Nina Olsen Munthe

Avdelingsdirektør for fellesløysingar
(fungerande sidan november 2022, fast tilsett 25. september 2023)

Nina Olsen Munthe har bakgrunn frå Skattetaten, der ho var avdelingsdirektør for Skattetatens rettleiingsteneste i Vest frå 2007-2016. Ho har leia seksjon for marknad- og tenesteoppfølging i avdeling for fellesløysingar i Digdir sidan 2016. Ho brenn for bruken av fellesløysingane for å forenkle, forbetre og effektivisere offentleg sektor og gjere det enklare for innbyggarane. Munthe Olsen er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo.

Espen Sjøvoll

Espen Sjøvoll

Avdelingsdirektør for samanhengande tenester og livshendingar
(frå 22. januar 2024. Birgitte Yttri fungerte i stillinga til 21. januar 2024)

Espen Sjøvoll har leiar- og digitaliseringserfaring frå Direktoratet for e-helse, Arkivverket, departement og EVRY. Han har vore tonegivande i arbeidet med framtidas arkivering, og han var medlem i Arkivlovutvalget. Han er utdanna Cand. Polit. i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Bergen.

Malin Rygg

Malin Rygg

Tilsynsdirektør i Tilsyn for universell utforming av ikt

Malin Rygg har leia Tilsynet for universell utforming av ikt sidan 2013. Tilsynet har ansvar for å følgje opp forskrift om universell utforming av ikt-løysingar, knytt til likestillings- og diskrimineringslova. Rygg er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Guri Kaspara Lande

Guri Kaspara Lande

Avdelingsdirektør for digital strategi og samhandling
(frå 7. august 2023. Kjetil Korslien fungerte i stillinga til 6. august)

Guri har erfaring som strategi- og kommunikasjonsdirektør frå Arkivverket, der ho har leia den digitale transformasjonen til Arkivverket. Ho har også har erfaring som konsulent i Capgemini Consulting der ho har vore ansvarleg for fleire prosjekt innan organisasjonsutvikling og digitalisering. Lande er utdanna sivilingeniør i industriell økonomi og teknologileiing.

Sissel Sare

Sissel Sare

HR-direktør

Sissel Sare har lang erfaring som leiar og HR-direktør frå offentleg og privat sektor. Ho har jobba i Skatteetaten, og som HR- og kommunikasjonsdirektør i Oslo kommune. Sare har også fleire år i finans- og IT-bransjen, i Bluegarden og Gjensidige. Sare har utdanning i psykologi, organisasjon og leiing frå universitetet i Oslo og BI.

Thuan Tande-Pham

Thuan Tande-Pham

Avdelingsdirektør for avdeling verksemdsstyring
(frå 1. februar 2024. Gjertrud Eliassen fungerte i stillinga til november 2023)

Thuan Tande-Pham kom frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ), kor han leia avdeling for forvaltning av økonomiregelverket. Tande-Pham er utdanna siviløkonom frå Norges handelshøyskole (NHH). Han har leiarutdanning frå Harvard og ein master i teknologileiing ved NTNU.

Andreas Rafaelsen

Andreas Rafaelsen

Avdelingsdirektør for brukaroppleving og datadeling

Andreas G. Rafaelsen har jobba med utvikling av Altinn sidan 2010 og har hatt roller som arkitekt, løysingsansvarleg, og seinast leiar for utviklingsseksjonen sidan 2018. Han har også fleire års erfaring frå Kongsberg Spacetec, som prosjektleiar og utviklar. Rafaelsen er utdanna sivilingeniør i informatikk frå Universitetet i Tromsø.

Onar Aanestad

Onar Aanestad

Kommunikasjonsdirektør

Onar Aanestad har tidlegare hatt same stillinga i Difi og Statens pensjonskasse. Han har bakgrunn som konsulent frå Gazette og Styrkr, og han har arbeidd for Norges handikapforbund i Midtausten. Aanestad er statsvitar.

Les vidare