Hopp til hovedinnhold

Viktige hendingar

I denne tidslinja kan du lese om nokre av dei viktigaste hendingane og leveransane til Digdir i året som gjekk.

Januar

  • Finansminister Trygve Slagsvold Vedum besøker Digdir sitt kontor i Leikanger. Digdir viste og forklarte kva vi jobbar med og potensialet knytta til utvikling av fleire samanhengande tenester, og gevinspotensialet som ligg i investeringar i digitalisering.
  • Malin Rygg, direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt, er i Dagens Næringsliv og debatterer. – Digital utanforskap løyser vi best ved å gå framover, ikkje bakover.
  • Over 6 000 ukrainske flyktningar i Noreg har sidan 1. juli 2022 bestilt elektronisk ID (eID) for å få tilgang til offentlege tenester på nett.

Februar

  • Frå 1. februar 2023 skal offentlege verksemder følge webdirektivet og er pålagt å ha ei tilgjengelegheitserklæring på nettstaden sin. Til fristen har 983 verksemder produsert erklæring.
  • Maskinporten vert som første fellesløysing produksjonssett på ny skyplattform. Digdir er dermed i gang med første etappe i migreringa over på ny systemarkitektur.
  • Stimulab-dagen 2023 vert arrangert 14. februar med rekorddeltaking. Det er 500 påmelde, og ei av tilbakemeldingane er at deltakarane er til stades for å bli inspirert og å sjå kva som rører seg i offentleg sektor. DOGA, Digdir og verksemdene presenterer erfaringar og læringspunkt frå innovasjonsarbeid som tek utgangspunkt i brukarane sitt behov og tilsette sin kunnskap.
  • Skate publiserer erfaringsrapport for 2022, som mellom anna viser kva for råd Skate har gitt kommunal- og distriktsministeren og Digdir gjennom 2022.

Mars

  • «Digitalisering er for viktig til å bli overlatt til menn» var ein av parolane til en tilsett i Digdir då fleire tilsette i laga sine parolar i ein film til kvinnedagen 8. mars som blir delt i Digdir sine sosiale kanalar.
  • Frode Danielsen vert 17. mars utnemnd av Kongen i statsråd som direktør i Digdir for ein periode på seks år.
  • Digdir lanserer tverrsektoriell oversikt over offentleg bruk av kunstig intelligens (KI) saman med NORA.ai (Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium). Oversikta gjer det enklare å orientere seg i korleis offentleg sektor nyttar seg av KI og viser at det dreier seg om meir enn 150 dokumenterte prosjekt.
  • «Klart språk 2023: Krafta i klart språk» vert arrangert av KS, Språkrådet og Digdir 27. mars. Miljødirektoratet og Sunnfjord kommune får pris for godt arbeid med klart språk i stat og kommune i 2022.
  • Tilsynet sender dei første pålegga om retting til verksemder for mangel på tilgjengelegheitserklæring.
  • Tilsynet varsla kontroll med seks kommunar og deira bruk av digitale læremiddel.

April

  • Direktør Frode Danielsen er med i DigiUng-podden og snakkar om noko av det som er viktigast akkurat no for å gi unge dei tenestene dei har krav på.
  • Digdir forbyr appane TikTok og Telegram på einigar som har tilgang til direktoratet sine system og tenester. Dette er etter eigne vurderingar og anbefalingar frå NSM.
  • Digdir har stand på eKommune som har temaet "Digitalisering, tillit og demokrati". Direktør Frode Danielsen deltek i panelsamtale om same tema med avdelingsdirektør Asbjørn Finstad i KS og Lena Lindgren, kommentator i Morgenbladet og forfatter.
  • Partnerforum arrangerer "Betre offentlege tenester med brukaren i sentrum". Digdir bidreg med innlegg om arbeidet med livshendingane og Stimulab.

Mai

  • Stimulab får inn heile 34 søknader til søknadsrunden dette året. Desse vil få svar på søknadane sine i juni.
  • Folkehelseinstituttet, Direktoratet for byggkvalitet og UDI er blant etatane som får midler når Digdir gir midlertidig tilsagn om medfinansiering på til saman 132,5 millionar.
  • 15. mai leverer Digdir styringsdokumentasjonen som ligg til grunn for etableringen av Nye Altinn-programmet. I tillegg til Digdir omfattar dette Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå og Brønnøysundregistera sitt arbeid med utfasing av Altinn II og overgangen til Altinn 3.
  • Digitaliseringskonferansen 2023 vert arrangert 31. mai til 1. juni på The Hub i Oslo sentrum. Nærare 900 deltakarar får med seg konferansen. Tema for konferansen er «Tøffere tider – tid for lagspill.».
  • På Digitaliseringskonferansen markerer vi at det i 2023 er 20 år sidan Altinn opna og 10 år sidan Tilsynet for universell utforming av ikt vart oppretta.
  • Skate arrangerer fagdagar med strategiske tema som digitalisering og samhandling, kunstig intelligens, ny digitalisieringsstrategi og nasjonal sky – og møte statsråden.
  • DigiUng-prosjektet til Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse og Bufdir blir stemt fram og vinn Digitalseringsprisen 2023 på Digitaliseringskonferansen.

Juni

  • Stimulab deler ut seks millionar kroner til fire prosjekt: «Ingen sak med byggesak» ved Direktoratet for byggkvalitet, «Hender og ressurser må finne hverandre» ved Kriminalomsorgsdirektoratet, «Livshendelsen alvorlig sykt barn» ved Helsedirektoratet og «Tillitsreformen – større handlingsrom» ved NAV.
  • Digdir lanserer rettleiar for ansvarleg bruk og utvikling av kunstig intelligens (KI). Rettleiaren skal gi konkrete råd for beste praksis i tråd med eksisterande og kommande regelverk for KI. Den er i «open beta» slik at innspel kan vere med på å forme rettleiaren i tida som kjem.
  • Digdir lanserer rapporten «Digital hele livet med bedre brukeropplevelse» som omhandlar brukskvalitet på tvers av offentlege og digitale tenester.
  • Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik besøker Digdir i Brønnøysund. Statsråden får ei omvisning i lokala våre og han får demo av digitalt dødsbo i Altinn og av digital gravferdsmelding. Begge tenester ein del av livshendinga dødsfall og arv.
  • Ein hovudlederanse i moderniseringsprosjektet til Altinn gjer det mogleg å reetablere dei fleste innsendingstenester. Dermed tek farten på re-etablering seg opp.

Juli

  • Digdir arrangerer sommarcamp innan IT, design, juss og forvaltningsinformatikk i Leikanger og Brønnøysund, kor studentar får bryne seg på relevante utfordringar. I Leikanger skal studentane finne ein måte å forenkle brukarflyten i ID-porten og semiautomatisere kontrolloppgåver for Tilsynet. I Brønnøysund er oppgåva å finne ut korleis ny teknologi kan gjere det enklare å søke om skjenkebevilling.
  • Lov om Digitaliseringsdirektoratet sin tilgang til taushetsbelagte opplysningar i Folkeregisteret og tilhøyrande forskrift trer i kraft 1. juli. Digdir sin tilgang til desse opplysningane er avgjerande for fleire av oppgåvene og produkta våre.
  • Juli blei prega av mange medieoppslag om at Politiet hadde sendt bekymringsmeldingar til barnevernet som feil meldingstype i Altinn, slik at meldingane ikkje vart fanga opp av mottakarane.

August

  • Statsminister Jonas Gahr Støre besøker Digdir i Brønnøysund. Digdir nyttar anledninga til å komme med nokre råd til statsministeren som han takkar for. Under besøket får han møte både tilsette og sommarcamparar i Digdir og Brønnøysundregistra.
  • Statssekretær Gunn Karin Gjul vitjar Digdir på arrangementet om samanhengande tenester, livshendingar og "kraftpakka" av virkemiddel i offentleg sektor.
  • Digdir er på Arendalsuka med tre eigne arrangement. Tilsynet for universell utforming av ikt står for eit av arrangementa: «Demokratisk utfordring – Skaper digitalt utenforskap et B-lag?» Regjeringa sin handlingsplan for auka digital inkludering er eit av temaa i ein panelsamtale med statssekretær Gunn Karin Gjul og andre gjestar.
  • Digdir er medarrangør på Sikkerhetsfestivalen 2023 som vert arrangert på Lillehammer 28.-30. august. Festivalen er eit samarbeidsarrangement mellom fleire verksemder og organisasjonar som jobbar med sikkerheit i Noreg og vert opna av forsvarsminister Bjørn Arild Gram.
  • Guri K. Lande startar i stillinga som avdelingsdirektør for digital strategi og samhandling (Oslo).

September

  • Brukarrådet 2023 for fellesløysingane vert arrangert som eit heildigitalt og gratis arrangement over to dagar. Det er over 1 100 påmelde deltakarar. Temaet er «Bygg moderne tjenester – på trygt fundament».
  • Digdir arrangerer innspelsmøte til den nye digitaliseringsstrategien for statlege verksemder.
  • Erklæring om identitetsmatching på tvers av grensene i dei nordiske og baltiske landa vert signert på Island. Arbeidet er eit godt eksempel på internasjonalt arbeid som gjev konkrete resultat. Digdir leiar NOBID-prosjektet.
  • Nina Olsen Munthe vert tilsett som avdelingsdirektør for fellesløysingar.

Oktober

  • eInnsyn og innsynsretten vert markert på jubileumsmarkeringa «30 år med digitalt innsyn» der eit hundretal med representantar frå presse-Noreg, forvaltninga og akademia følger markeringa i Pressens Hus.
  • Digdir markerer den nasjonale sikkerheitsmånaden for ein trygg digital kvardag med å arrangere fleire foredrag om ulike tema knytt til sikkerheit. Fleire av foredraga er i samarbeid med Brønnøysundregistera.
  • Tilsynet for universell utforming av ikt har vidareutvikla løysinga for tilgjengelegheitserklæringa, som til no har omfatta nettstader. No opnar tilsynet tilgjengelegheitserklæring også for appar på uustatus.no.
  • Digdir markerer verdsdagen for psykisk helse 10. oktober, der tema er «lag plass».
  • Alle norske kommunar har no tilgjengelegheitserklæring, melder Tilsynet.
  • Altinn endrer nettadresse til info.altinn.no. Årsaka til dette er at Altinn informasjonsportal flyttar til skya.
  • Digdir arrangerer si første felles samling i Oslo for alle tilsette sidan direktoratet vart oppretta 1.1.2020.

November

  • Digitaliseringsrådet lanserer årets erfaringsrapporten «Meir fart mot betre løysingar» og presenterer rapporten i eit eige seminar 1. november.
  • Digdir deltek på kampanjen 50-in-5. Altinn blir trekt fram som eit godt eksempel på digitalt fellesgode.
  • Nordisk ministerråd sitt Cross Border Digital Services (CBDS)-seminar vert arrangert for første gong 9. november i København. Digdir er sekretariat for CBDS-programmet og står i spissen for arrangementet.
  • Nye ID-porten flyttar rundt 90 prosent av tenestene og trafikken over på ny plattform.
  • Digdir lanserer nynorsk-november internt i organisasjonen for å få tilsette til å skrive meir nynorsk. Målet er å auke nynorsk-andelen og engasjementet.
  • Fungerande avdelingsdirektør i verksemdsstyring, Gjertrud Eliassen, sluttar i Digdir (permisjon).
  • Tilsynet avslutta tilsynet med bruk av digitale læremiddel i kommunane utan sanksjonar.
  • Digdir-tilsett Sigbjørn Råsberg vert utnemnd til ny leiar for den europeiske, strategiske rådgjevingsgruppa for tilgjengelegheit (Strategic Advisory Group on Accessibility – SAGA). SAGA arbeider med å inkludere universell utforming i alt relevant standardiserings-arbeid på europeisk nivå, etablert av dei europeiske standardiseringsorganisasjonane CEN og CENELEC.

Desember

  • Altinn fyller 20 år 4. desember. Dette vart markert på Digitaliseringskonferansen i juni. Denne dagen er det intern markering hos Digdir. Paul Chaffey frå Halogen skriv på Digitaliseringsbloggen om Altinn 20 år.
  • Ny digitaliseringsminister Karianne Tung besøker Digdir i Oslo. Statsråden møter toppleiargruppa i Digdir og det er tid til diskusjon og dialog.
  • Digdir leverer ny versjon av styringsdokumenta for moderniseringa av Altinn og får eit formelt mandat og ei bestilling frå departementet på å etablere programmet Nye Altinn.
  • Digdir-tilsett er ny komitéleiar for KI-standardisering. Odd Arne Sætervik leier Standard Norges komité for kunstig intelligens.
  • Første møte i nytt samarbeidsforum for digital inkludering vert arrangert. Forumet skal bidra til samhandling og koordinering for å auke befolkninga si digitale deltaking og kompetanse. Digdir skal vere sekretariat for forumet.
  • Digdir offentleggjer at Espen Sjøvoll er tilsett som avdelingsdirektør for samanhengande tenester og livshendinger og at Thuan Tande-Pham er tilsett som avdelingsdirektør for verksemdsstyring.