I dette kapittelet kan du verte betre kjend med Digdir og samfunnsoppdraget vårt. Du kan lese om dei fire rollene til Digdir, leiinga og korleis vi jobbar på tvers av kontorstadane i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi presenterer viktige hendingar i 2023 og forklarar kva eit felles økosystem for digital samhandling og tenesteutvikling er, korleis vi jobbar med innovasjon og den viktige rolla til digitale fellesløysingar.