Hopp til hovudinnhald

Kapittel 1: Melding frå leiaren

I si melding frå leiaren gir direktør Frode Danielsen si overordna vurdering av den samla mål- og resultatoppnåinga, utfordringane og prioriteringane til Digdir i 2023.

Frode Danielsen

Eg ser stolt tilbake på 2023. Vi har handtert store endringar og krevjande oppgåver. Digdir leverte godt på alle vesentlege mål og krav. Vi rusta oss for det som ligg føre. Og kanskje mest gledeleg: Digitalisering kom sterkare på dagsordenen.

Samordning og digitalisering kom sterkare tilbake på dagsordenen i 2023. Det ga meg og Digdir stor motivasjon til å gyve laus. Noreg fekk ein digitaliserings- og forvaltningsminister og eit nytt departement med ansvar for samordning av digitaliseringa. I haust starta arbeidet med den nye digitaliseringsstrategien for alvor opp. Strategien skal gi retning for digitaliseringa av heile samfunnet. Den vert svært viktig for forvaltnings- og samfunnsutviklinga i åra som kjem og vil gi viktige føringar for våre prioriteringar framover.

Eg har – med stor interesse – følgt Riksrevisor sitt bodskap om at effektiv og samordna digitalisering er avgjerande for å oppretthalde velferdsstaten. Han har teikna eit alvorleg situasjonsbilete der han framheld at offentleg sektor må verte fem milliardar kroner meir produktiv – kvart år – om vi skal kunne oppretthalde velferdstenester på dagens nivå. Det vert avgjerande å nytte moglegheitene som ligg til digitalisering. Vi kan kun lukkast viss offentleg sektor digitaliserer meir heilskapleg og samordna. Vi må gå i takt, ikkje digitalisere kvar for oss.

Vi styrka premissgivarrolla

Digdir skal vere premissgivar for digitaliseringa av Noreg. Dette inneber både å gi råd til digitaliseringspolitikken og å setje i verk digitaliseringspolitikken til regjeringa med hjelp av ulike verkemiddel. Den viktigaste oppgåva som premissgivar er å samordne digitaliseringa på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. I 2023 prioriterte vi den kommande digitaliseringsstrategien høgt.

For å bidra til å fjerne hindringar for digitalisering, har Digdir også byrja å styrke juridisk arbeid med både nasjonalt regelverk og kommande EU-forordningar. I tillegg styrkar vi kapasiteten på kunstig intelligens (KI), slik at Digdir kan bidra til å ta vare på særnorske interesser i utviklingsarbeidet. Vi jobba vidare med å få på plass styrings- og finansieringsmodellar som fremmar samordna digitalisering. Digdir vil halde fram med å styrke samordningsrolla si framover. Det trengs for at Noreg skal få ein meir heilskapleg digitaliseringsportefølje og meir samanhengande tenester.

I rute med to samfunnskritiske moderniseringsprosjekt

Digdir held på med to av dei mest komplekse digitaliseringsprosjekta i Noreg. Moderniseringa av dei samfunnskritiske fellesløysingane ID-porten og Altinn har hatt høg prioritet. Arbeidet krev mykje i form av ressursar og innsats. Begge har vore enorme suksessar i digitaliseringa av Noreg. Altinn åleine har i mange år spart næringslivet for 15 milliardar årleg, om vi kun reknar spart tid til rapportering. Det er i verdstoppen. ID-porten gjer det mogleg å logge enkelt og sikkert – og likt – inn på 12 000 offentlege tenester. Løysinga har vore ein katalysator og føresetnad for den raske tenesteutviklinga som har vore i offentleg sektor det siste tiåret.

For å halde følgje med teknologisk utvikling, krav til sikkerheit og funksjonalitet, må teknologien og plattformene til Altinn og ID-porten fornyast. Utdatert teknologi aukar risikoen for uønska hendingar. Angrepa på digitale løysingar og samfunnskritiske tenester har auka sterkt, i tråd med trusselsituasjonen rundt oss. Alle forstår at krava til sikkerheit aukar, krev oppdatert teknologi og treng meir ressursar. Vi kan ikkje velje sikkerheit bort. Det er ein føresetnad for at vi framleis skal kunne ha tillit til tenester frå det offentlege.

Sjølv om viktig arbeid står att, er eg stolt av at nesten alle offentlege tenester kom over på nye ID-porten i 2023, utan vesentlege problem. Og vi har gjennomført omfattande arbeid i den naudsynte og komplekse fornyinga av suksessen Altinn. Vi er i rute, og det imponerer meg.

Raskt på KI-banen

Gjennom det siste året har generativ KI komme med stor kraft og fart. Chat GPT vart plutseleg noko alle snakka om og brukte. Dei aller fleste forstår at vi må gjere nytte av ny teknologi – og handtere og finne løysingar på utfordringane undervegs. Alternativet er å stå att på perrongen når toget går. Dei moglegheitene har ikkje Noreg råd til å miste. For Digdir vart dette ei øving i prestisjelaust samarbeid. Våre KI-ekspertar gjekk saman med andre flinke folk i andre verksemder og laga raskt ei rettleiing for utvikling og bruk av kunstig intelligens i offentleg sektor. Den lanserte vi i ein betaversjon i juni 2023 og forbetrar fortløpande. Den inneheld også ei oversikt over kva som skjer på kunstig intelligens i offentleg sektor. Digdir er i ferd med å ruste opp innsatsen og ta rolla som nasjonal dirigent på KI.

Jobbar for éin digital offentleg sektor

Også i 2023 jobba Digdir hardt for å samle og hjelpe offentlege verksemder å skape tenester som innbyggjarane opplever heng saman på tvers av verksemder og sektorar. Tala viser at det er ein lang veg å gå. Livshendingane jobbar med konkrete tiltak, men melder om at dei er forsinka. 37 prosent av dei statlege verksemdene, ein framgang frå 25 prosent i 2022, opplyser at dei utviklar samanhengande tenester. For kommunane er talet 30 prosent.

Eit viktig grep i 2023 var å samle og spisse bruken av dei finansielle, pedagogiske og juridiske verkemidla til Digdir, som Medfinansieringsordninga, Stimulab, innovation@digdir og Digitaliseringsrådet. Saman med DFØ utvikla vi rettleiinga Styre, organisere og samarbeide om samanhengande tenester, som også inneheld relevante døme. Samarbeidsnettverket mellom livshendingane, KS, Diginettverka og Digdir vart ein viktig arena for å dele og lære av kvarandre. Eg er viss på at ambisjonen om samanhengande tenester vert kjernen i den nye digitaliseringsstrategien også.

Digital deltaking er målet

Digitalt utanforskap vart også løfta i samfunnsdebatten i 2023. Eit sjølvsagt mål for digitaliseringa er at alle skal kunne delta og bruke løysingane i samfunnet. Over ein million av oss står i fare for å falle utanfor digitalt i ulike situasjonar. Det er lett å tru at det er eldre, svaksynte og folk med fysiske utfordringar som har utfordringar. Biletet er mykje meir mangfaldig. Mange av oss kan få til det digitale på dei fleste område, medan vi strevar på enkelte område. Språk, helseutfordringar, fattigdom, låg tillit til det offentlege og manglande yrkesdeltaking aukar risikoen for digitalt utanforskap. For meg har det vore overraskande å sjå at så mange unge slit med å nytte digitale tenester, særleg knytt til det offentlege. For mange av dei yngste er forvaltning ei verd dei ikkje forstår og kjenner. Alt dette må vi i større grad ta omsyn til når vi digitaliserer.

For å lukkast med å inkludere alle, må vi jobbe saman på tvers av sektorar i det offentlege og på tvers av offentleg og privat sektor. Det er ikkje brukarane det er noko feil med, dei digitale tenestene må vere så gode at alle kan bruke dei. Og svaret er ikkje mindre, men betre digitalisering.

Universell utforming gir betre digitale tenester

I mange år har Noreg vore verdsleiande på universell utforming av ikt. I EU sin eGovernment Benchmark 2023 kom Noreg ut på 1. plass i ei pilotmåling av offentlege digitale tenester i Europa. Bak desse resultata har tilsynet vårt stått i spissen med tilsynsmetodikk og løysingar som andre land i Europa har lært av og brukt. For å kunne etterleve nytt EU-regelverk, må vi trappe opp kontrollverksemda. Då må kontroll og tilsyn bygge på effektiv dataproduksjon og analyse. Løysing for tilgjengelegheitserklæring og dataplattform var første steget mot eit digitalt datadrive tilsyn. I 2023 har vi vidareutvikla tilgjengelegheitserklæringa til å omfatte appar og utvikla løysing for forenkla kontroll.

Tilsyn utgjer den fjerde rolla til Digdir. Tilsynet for universell utforming av ikt i privat og offentleg sektor har ei fagleg uavhengig rolle og fører tilsyn i privat og offentleg sektor. I 2023 prioriterte vi tilsyn med digitale læremiddel i skulen. Funna viser at løysingane ikkje er gode nok på mange område. Taparane er elevane. Tilsyna har allereie ført til store forbetringar, men også midlertidige utfordringar. Vi forstår at det kan vere krevjande for leverandørar, kommunar og skular i ein periode til løysingane held det nivået dei bør og skal ha, men dette er ikkje elevane sitt ansvar. Det samfunnsansvaret må dei som bestiller, leverer og er ansvarlege for dei digitale læremidla ta.

Klare råd til den nye digitaliseringsministeren

For at Digdir skal klare å ta rolla som regjeringa sitt viktigaste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av samfunnet, må vi styrke rolla som premissgivar. Det inneber både å styrke rolla og evna til Digdir og å bruke krafta til samarbeidet – altså å utnytte den samla kompetansen, erfaringa og krafta til verksemdene i offentleg sektor. I 2022 kom Skate med to klare meldingar og råd til regjeringa, og slo mellom anna alarm om konsekvensane dersom Noreg ikkje prioriterer og sikrar den digitale infrastrukturen vår. Skate, rådet med toppleiarar som gjer råd til regjeringa, har ein enorm samla kompetanse og eit endå større potensial som rådgivande organ. I møtet med den nye digitaliseringsministeren i desember 2023 ga Skate tre innspel til den nye digitaliseringsstrategien:

  1. Styringa og finansieringa må støtte samarbeid på tvers av sektorar og verksemder
  2. Tilpass regelverket til den digitale tidsalderen
  3. Bruk felles infrastruktur, som dei digitale fellesløysingane, på tvers av alle verksemder og sektorar

I Digdir sitt eige innspel ga vi tre råd til regjeringa, kor vi i tillegg tilrår at den nye digitaliseringsstrategien er forpliktande for alle sektorar, og omhandlar nødvendige, strukturelle endringar. Vi bør også utnytte potensialet i EU sin ambisiøse digitaliseringspolitikk. Den har stort potensial også for Noreg, både på regelverk, infrastruktur, forsking og utvikling, testing og bruk av ny teknologi og andre felles initiativ. Det vil krevje ei meir proaktiv tilnærming frå Noreg si side.

Eit sterkare Digdir med stor fart inn i 2024

Det har sjølvsagt vore krevjande, men aller mest givande, å overta som direktør for eit Digdir som departementet og dei rundt oss har store forventningar til. I 2022 hadde vi store utskiftingar i toppleiargruppa. For meg har det vore viktig for å få på plass mitt nye leiarteam. I skrivande stund er alle nye på plass. Det er eg svært nøgd med. Samstundes er eg svært takksam for dei som har teke ansvar som fungerande i ulike roller. Dei har gjort ein svært god og viktig jobb for Digdir, og som resultata viser har dei meir enn halde fortet. Og først og fremst er det alle dei dyktige kollegaene mine i Brønnøysund, Leikanger og Oslo som skal ha æra for gode resultat, til trass for at rammene kan vere tøffe og oppgåvene omfattande og krevjande. Eg er heldig som får leie og jobbe saman med dykk alle!

Digitalisering handlar om å frigjere tid til det viktigaste i samfunnet

Eg har større ambisjonar enn å levere på dei konkrete oppgåvene Digdir har og får. Eg vil vise at digitalisering er heilt sentralt for å sikre velferdsstaten. Det handlar om å frigjere tid – og dermed pengar og ressursar – til dei viktigaste oppgåvene i samfunnet. Det handlar om å bygge gode samordna tenester på tvers av sektorar og verksemder som skaper verdi for innbyggarar og verksemder. For deg og meg handlar det om at vi også i framtida skal ha gode helse- og omsorgstenester, at du som føresett for eit alvorleg sjukt barn skal sleppe 19 timar i veka på å finne fram i offentlege system eller at du som sjølvstendig næringsdrivande får bruke meir tid på å skape verdiar framfor å rapportere til myndigheitene.

Saman skal vi skape meir tid til det viktigaste.

To personer ser på solnedgang med Frode Danielsen sin signatur